Sidiki Camara

Mirror Image

Mirror Image er ein eklektisk og mangslungen oktett, handplukka av bassist Ole Morten Vågan for berre eit par år sidan. Dei ferske komposisjonane er det Vågan som står bak, men ensemblet inkorporerer gjerne sørafrikanske hits frå 70-talet, inspirasjon frå samtidsmusikk, og element frå afrikansk folkemusikk – i tillegg til jazz i alle moglege former. Ein veit altså aldri kva denne gjengen kan finna på å byda på, og det er nett slik me likar det! Denne konserten er inkludert i billetten Huskort laurdag.

Les meir »

Bergen Big Band med Shannon Mowday – «Colourful Houses»

Shannon Mowday er eit fyrverkeri av ein musikar, og vil saman med det alltid vitale Bergen Big Band stå for ei kraftsalve utan like. Mowday sitt verk for BBB har fått tittelen “Colourful Houses”, og trekk trådar frå dei fargerike husa på Bryggen i Bergen, til det minst like fargesprakande området Bo-Kaap i Cape Town, der ho sjølv vaks opp. Begge stadane har vore viktige handelshamner, kor både musikken og kulturen har vorte forma av dei mange inntrykka og innflytelsane handelskulturen har ført med seg.

Les meir »