Opningstale 2013

Av og med Einar Økland:

VOZZ-40

1

Førti år.

Førti år.

Ei rulletrapp som framleis går.

Førti år.

Førti år.

Løftar opp kvar fot som glad i rulletrappa står.

Opp frå strender, hamner, byblenk og mas.

Dit vossamørket ventar i sin beste stas.

Førti år.

Førti år.

Og rulletrappa rullar og går.

 

Rulletrappa seg

skrått i bakken opp

brettar steg for steg utan sakking eller stopp.

Stiller ingen spørsmål,

kjem ikkje med noko krav,

når den glir inn på Voss og når alle føter stig av.

 

2

Ei rulletrapp

for folk som oss,

som heller enn til himmels ønskjer dra opp til Voss,

der dette indre mørket

kvar ein av oss ber

får blande seg med mørket til dei andre som er der.

Alle kjem opp trappa

med det mørket som dei har,

men og med det dei saknar, alle gir og tar.

Ei rulletrapp

for sånne folk som oss

som samlar oss i mørket her på Voss.

 

3

Ingen tel

alle trappesteg

eller alle kilo vi oppløfta veg.

Somme står åleine

i stygge joggesko.

Men og i beksaumstøvlar. Gjerne to-og-to.

Opp kvar bakke, brekke,

berg og li,

ei rulletrapp med mørke fotfolk i.

Steg for steg.

Du og eg.

Som kjenner vossamørket dreg.
4

Somme syng

for første gong.

Andre syng for siste. Det er same song.

Ein som ingen kunne

før dei kom hit.

Ein svart usynleg song som aldri skal bli kvit.

Noko skjer i mørket

som kvar einskild ber

når det blandar seg med andre mørke her:

Mørket flør.

Ikkje spør.

Høyr sprakegleda i dine glør –

 

– indre – usynlege – svarte.

 

– Einar Økland

______________________________________________________

(Framført til «Sweet Like This» av King Oliver, spela av Bob Brookmeyer, Jimmy Giuffre, Jim Hall og Ralph Pena, innspelt på LP-plata Traditionalism Revisited, 1957)