Opningstale 2012

Av og med Ragnar Hovland:

God kveld, mitt namn er doktor Jazz.

Eg er han som kjem for å setje ting på plass.

Eg har vore her før, ja mang ein gong.

Eg har alltid sunge min eigen song.

Her kjem han på ny, i ny versjon,

songen til doktor Jazz, i eigen høge person.

Han kjem mest i prosa denne gongen,

men høyr etter så høyrer de: Det er same songen.
I thought I heard Buddy Bolden say

Stinky butt funky butt, take it away

Stinky butt funky butt, take it away

I thought I heard him say
I thought I heard Buddy Bolden shout

Open up the window, let that bad air out

Open up the window, let that bad air out

I thought I heard him shout

Men meir om Buddy Bolden om litt.

Det var den gongen for lenge sidan då Vårherre og Sankt Peter vandra rundt på jorda. Ein kveld kom dei til ein stor by med mange mørke gater og berre nokre få neonlys som skein på velta bossbøtter, magre kattar og gamle aviser. Og Vårherre tenkte: det manglar noko her! Det manglar musikk! Og det kan ikkje vere kva musikk som helst. Eg vil skape ein heilt ny musikk og kalle det jazz! Det siste sa han høgt, til Sankt Peter. Kva skal det vere for slags musikk? sa St. Peter. Det skal vere piano, sa Vårherre. Det skal vere bass og trommer. Det skal vere saxofonar. Trompetar. Og trombonar. Og kanskje ein og annan gitar.

Må det vere saxofonar? sa St. Peter. Ja, sa Vårherre. Saxofonar høyrer med. Men må det vere trombonar? sa St. Peter. Dei skingrar slik. Eg får vondt i øyrene. Det må vere trombonar og meir til, sa Vårherre. Du må ha eit opent sinn mot dette nye. Endå eg veit at det ikkje er lett. Ser du den mannen der borte på trappa med hovudet i hendene? Han heiter Buddy Bolden. Han er lettare sinnssjuk. Han skal vere med og starte dette. Eg skal gi han ein kornett og så ser vi kva som skjer! Greitt, sa St. Peter, men eg håper eg kan ønskje meg at det av og til er nok med berre eit piano. Av og til skal det vere nok, sa Vårherre. Ein gong i blant skal det vere nok. Eit piano og kanskje ein bass.

Og så begynte alt å skje. Inn i dei mørke bulene og klubbane steig dei etter tur, King Oliver, Louis Armstrong, Jelly Roll Morton, Bessie Smith, Fats Waller, Count Basie, Duke Ellington, Ella Fitzgerald, Billie Holliday, Lester Young, Django Reinhardt , Dizzy Gillespie, Charlie Parker og Thelonius Monk, Miles Davis, Chet Baker, Ornette Coleman, John Coltrane, Chick Corea, Keith Jarrett, Jan Garbarek, Arild Andersen og alle dei andre. Nokre var fulle, andre var rusa på narkotika, andre igjen var nesten edrue. Men alle spelte som dei aldri skulle ha gjort anna, og det var ikkje øyrens lyd å få verken inne i dei mørke bulene eller ute på gatene med det veike og blafrande neonlyset. Og folk tok til å tenkje på kjærleik og på kjærleik som blir borte og på alt det som aldri blei.

Og St. Peter såg på Vårherre og sa: Det er kanskje litt mykje brennevin her. Og i meste laget med narkotika? Og Vårherre svarte: Det er nok på mange måtar beklageleg, men stundom ser det ut som det må til. Sjølv når det berre er pianomusikk.

Og no, sa Vårherre, no skal eg også skape ei bygd, ho skal liggje på Vestlandet, og eg skal kalle ho Voss, og der skal dei ha årlege festivalar med jazzmusikk! Og så skapte han Voss i ein fei. Og ikkje lenge etter oppstod det ein jazzfestival i bygda. Og folk frå heile verda strøymde til denne staden, og dei var opp i under over det dei såg og høyrde.

Og i den nye og oppdaterte bibelomsetjinga er det skildra slik:

”Den sjuande dagen fullførte Gud det arbeidet han hadde gjort, og den sjuande dagen kvilte han frå heile det arbeidet han hadde gjort. Men om kvelden stod han opp att frå sofaen og skapte jazzen. Og Gud såg på ny på alt det han hadde gjort, og sjå, det var svært godt!”

Velkommen til Vossa Jazz 2012!

Ragnar Hovland.