Billettar

Vossa Jazz 2021

Grunna Covid-19 må me vente ei stund til med å sleppe programmet og starte billettsalet til festivalen. Me fylgjer utviklinga tett og rettar oss etter gjeldande retningslinjer frå Folkehelseinstituttet. Oppdatering kjem i november.


Du kjøper billettar til Vossa Jazz hjå TicketCo, bruk datamaskin, nettbrett eller smarttelefon. Billettane kan du skriva ut og ta med, eller bruka QR-koden du får tilsendt, den scannar me i døra – eller på billettkontoret dersom du kjøper dagskort eller festivalpass.

Har du prøvd TicketCo Wallet?
Last ned appen hjå App Store eller Google Play. Her kan du kjøpa og lagra billettar, motta meldingar osb. Dersom du allereie har ein brukar hjå TicketCo loggar du inn med den, dersom ikkje kan du registrere deg i appen.


INFORMASJON OM BILLETTYPAR TIL VOSSA JAZZ 2021 KJEM I NOVEMBER

INFORMASJON OM DEI ULIKE BILLETTYPANE VÅRE:

Enkeltbillett
Det vert selt enkeltbillettar til dei fleste konsertane. Frå kl. 21.00 fredag og laurdag er det éin felles billett for alle konsertane på Park = huskort. Med enkeltbillett er du sikra plass fram til 10 min. før konsertstart. Enkeltbillett gjeld òg som plassbillett.

Huskort
Gjeld alle konsertane på Park frå kl. 21.00 fredag eller laurdag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til desse konsertane. Ver merksam på at det er avgrensa kapasitet i kvart konsertlokale, men det vil alltid vere ledig kapasitet på minst éin av konsertane.

Dagskort
Gjeld alle konsertane den aktuelle dagen dersom ledig kapasitet, unntatt Kulturvandring laurdag. Du kan i tillegg kjøpa plassbillett til nokre av konsertane (sjå under). Hugs å byta billetten i armband på billettkontoret under festivalen.

Festivalpass
Gjeld alle konsertane på festivalen dersom ledig kapasitet, unntatt Kulturvandring laurdag. Du kan i tillegg kjøpa plassbillett til nokre av konsertane (sjå under). Hugs å byta billetten i armband på billettkontoret under festivalen.

Festivalpass Badnajazz
Gjeld alle tilskipingane under Badnajazz. Hugs å byta billetten i armband på billettkontoret under festivalen.

Plassbillettar
Gjeld gjester med festivalpass og dagskort:
Til nokre av konsertane kan gjester med festivalpass og dagskort kjøpa plassbillett for å vera sikra å koma inn. Denne garanterer plass fram til 10 min. før konsertstart.

Gåvekort 
Du kan kjøpa gåvekort til Vossa Jazz, og den som er så heldig å få denne kjekke gåva kan bruka gåvekortet ved kjøp av billettar på nettet eller billettkontoret vårt under festivalen. Sjå her for meir informasjon.

ticketco

Dersom du skal kjøpe fleire ulike billettar og synes det er vanskeleg å finne fram kan du kanskje få litt hjelp om du ser denne filmen.

VILKÅR – ANSVARSFRÅSKRIVING

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Dette gjeld ikkje ved ev. avlysing, sjå under.

Avlysing
Arrangøren (Vossa Jazz) har rett til å avlyse tilskipinga. Ved avlyst tilskiping blir billetten, med frådrag for billettavgift, refundert. Billettkjøpar kan ikkje setje fram andre krav enn dette. Avlysing i ein force majeure-situasjon vert regulert i sin heilheit av force majeure-punktet under.

Force majeure
Som force majeure er ekstraordinære situasjonar som ligg utanfor Arrangøren sin kontroll og som i vesentleg grad vanskeleggjer rasjonell gjennomføring av tilskipinga eller oppfylling av andre plikter etter avtalen (irekna, men ikkje avgrensa til, orkan, tsunami, krigsutbrot, terrorangrep, pandemi, epidemi, brann, streik, samfunnstruslar som inneber restriksjonar, pålegg, anbefalingar eller liknande frå myndigheitene, landesorg, flaum, storm, naturkatastrofe).

Verknad av force majeure: Ved force majeure vil Arrangøren sine forpliktingar ovafor billettkjøparen falle bort, irekna Arrangøren sitt ansvar for gjennomføring av tilskipinga, billettkjøparen sin eventuelle rett til refusjon av billettpris samt billettavgift, erstatning eller prisavslag. Billettkjøparen kan heller ikkje setja fram andre krav mot Arrangøren. Dersom tilskipinga ikkje kan gjennomførast grunna restriksjonar frå myndigheitene knytt til Covid-19-virus eller andre pandemiar eller sjukdommar, vert dette å sjå som ein force majeure-situasjon.

Varsling: Om Arrangøren vil gjera force majeure gjeldande skal billettkjøparen bli varsla om det utan ugrunna opphald til billettkjøparen si oppgitte e-post-adresse. Dersom billettkjøparen ikkje har registrert e-post-adresse i samband med kjøpet fell Arrangøren si varslingsplikt bort.