God musikk skal stinke

Med ropert, spygrøn trombone og overdimensjonerte briller vert tindrande barneauge stimulerte frå fyrste trollske tone. Meg og kammeraten min inviterar med seg dei små menneska i Kulturhuset til Rotteplaneten der bestefaren deira er verdsberømt rottefangar.

Det ligg ei moralsk og klok undertone i tekstane som mellom anna fortel om ulempene ved pilling i nasen og korleis bestefar sin kjærast ikkje er bestemor, men ei småsprø kvinne som set bilen i fri og trillar uredd i nedoverbakkar. Store tema som vennskap og kjærleik vert vitja og funderte over i plenum medan engasjerte ungar følgjer enkel koreografi og sprett veggimellom som i transe til popsongane, eller ostepopsongane som det no heiter. Ostepop har ein distinkt lukt, som kjend, men Meg og kammeraten min konstaterar at all god musikk skal stinke litt.

Trubadurane stifter gjennom tekst og tone nye vennskap med ungane i Kulturhuset, og sjølv dei vaksne på staden humrar av dei spissfindige ordspela.