DETTE FÅR DU SOM MEDARBEIDAR / FRIVILLIG
- Frivillig-armband. Dette bandet gjev tilgang til alle arrangement der det er ledige plassar. NB! medarbeidarar har diverre ikkje høve til å kjøpa plassbillettar til konsertane. Dersom det er ein konsert du absolutt vil høyra, må du kjøpe såkalla enkeltbillett for å vera sikra plass.
- T-skjorte. Denne har du på deg når du er på vakt / jobb. Når du går på konsert utanom arbeidstid, har du på deg noko anna. T-skjorta skal nyttast igjen dei neste 3-4 festivalene, så me ber deg om å ta godt vare på ho fram til neste festival.
- Eigen Frivillig-HUB. Her vert det servert mat og drikke til alle frivillige som er på jobb. Dette vert ein stad å møtast i pausa når ein er på jobb.
- Medarbeidarfest sundag kveld (aldersgrense 18 år).
- Mykje moro, nyttige arbeidserfaringar og nye vener!
DETTE VENTAR ME AV DEG SOM MEDARBEIDAR
- Du møter opplagt, presis og edru på jobb.
- Du veit kvar og når du skal jobba og kven som er din næraste overordna.
- Du er samarbeidsvillig.
- Du tar initiativ, tenkjer sjølv og er proaktiv.
- Du behandlar andre festivalbesøkande og medarbeidarar fint.
REGISTRERING
Registrering og utdeling av armband finn stad på akkrediteringskontoret til Vossa Jazz, i vestenden på Park hotell. Armbandet er billetten din for å koma inn både når du jobbar, går på konsert, når du skal inn på Frivillig-HUBen og når du skal vera med på medarbeidarfesten.
Kjem du utanom opningstida, lyt du venta til neste dag. Hugs at det fort vert kø fredagen, og at det difor er lurt å gjera dette allereie torsdagen. Hugs legitimasjon.
Opningstider akkreditering:
- Torsdag 15 -21
- Fredag 10 – 21
- Laurdag 10 – 21
- Sundag 10 – 15
Like før festivalen vil det vera eit informasjonsmøte for alle medarbeidarar i frivillig-HUBen.
MAT
Du kan kjøpa mat til medarbeidarprisar. I tillegg har du tilbod om gratis mat og drikke i Frivillig-HUBen når du er på jobb.
OVERNATTING PÅ VANDRARHEIMEN
For dei som har lagt inn dette i søknadsskjemaet, er prisen 200,- per pers per natt inkl. frukost. Prisen gjeld overnatting på 4-6-manns rom med dusj og do.
DETTE MÅ DU OGSÅ VITA
- Som medarbeidar er det viktig at du kjenner programmet slik at du kan svara på spørsmål frå publikum. Last ned appen Broadcast og følg programmet der.
- All kontakt med presse skjer via administrasjonen. Du som medarbeidar skal ikkje uttala deg på vegne av festivalen.
- Kvar medarbeidar får informasjon frå sin departementssjef om kva vakter ein skal ha, og kva for oppgåver som skal gjerast. Me set stor pris på om du er fleksibel på evt. å byte vakt/arbeidsstad, dersom det vert behov for det.
- Om du får arbeid du ikkje er komfortabel med å gjennomføra, gjev du beskjed til departementssjefen din.
- Me legg til rette for trygge og gode arbeidstilhøve, men det er samstundes viktig at du også sjølv tenkjer HMT (helse, miljø,tryggleik) når du er på jobb.