Har du lyst å vera med som frivillig medarbeidar i 2026? Set av palmehelga 27. – 29. mars!
Søk her: SØKNADSSKJEMA
Meir om dei ulike jobbane:
Jazzvert
Som jazzvert vil du ta del i oppgåver som billettkontroll, vakthald inne i konsertlokala og ved naudutgangar, enkel opp- og nedrigg av scene og lokale samt å svara på spørsmål frå konsertgjengarar. . Som jazzvert er du Vossa Jazz sitt andlet mot publikum og har eit stort ansvar for at besøkanedfår god informasjon og vilkår for å høyre flott musikk!
Jazzvertane er fordelte på spelestadane Park Hotell Vossevangen, Gamlekinoen, Ole Bull Akademiet og Ungdomshallen. Vertane vert delte inn i ulike vaktlag med kvar sin klubbsjef eller arrangementsansvarleg.
Jazzvertane er den største enkeltgruppa av frivillige på festivalen og er ei god blanding av nye og meir røynde jazztravarar.
Artistvert
Som artistvert (AV) får du ansvaret for ein eller fleire artistar eller band under heile deira opphald på festivalen. Du skal sørgja for at dei har det bra og har alt dei treng, og løyse mogelege utfordringar undervegs. Men slapp av, det er utarbeidd ein detaljert plan for AV-ane! Dette er ein jobb med stort ansvar og mykje moro. Det er fint om du er over 18 og har førarkort.
Transport
Transporten har to stillingar: sjåfør og koordinator.
Sjåførar køyrer artistar til og frå Flesland, og tar kanskje nokre lokale turar kring Voss. Du må så klart ha førarkort, og du må vera ein trygg og sikker sjåfør. Festivalen held både drivstoff og bilar, som regel vanleg personbil; automat eller manuell.
Transportkoordinatorane held styr på transportoppdraga, følgjer med på om flya til og frå Flesland er i rute og gjer endringar i planane når noko skjer. Jobben krev at du kan føte deg på ei datamaskin og ringe med ein telefon, men førarkort er ikkje naudsynt.
Kommunikasjon
Me er på utkikk etter flinke fotografar som kan hjelpa til med å dokumentera årets festival via kameralinsa.
Fotografane skal fotografera konsertane, stemninga og alle dei flotte folka på festivalen, og vert sjølvsagt alltid kreditert! Ulike aviser og nettstadar brukar ofte bileta frå Vossa Jazz sine fotografar i konsertomtalar og på trykk.
Du treng å ha med deg eige fotoutstyr av god kvalitet, og du må kunne redigere bileta sjølv etterpå. I søknaden ber vi om dokumentasjon på eige arbeid (døme frå din portfolio), og eit par setningar om dine tidlegare erfaringar.
Last opp 5 bilete i søknadsskjemaet eller legg inn ein link til ei digital mappe med dei utvalgte bileta dine.
Me ser også etter ein redaktør. Spesifiser i søknadsteksten at du ynskjer den rolla dersom det er aktuelt, og legg til relevant erfaring med journalistikk, foto, tekst, film og liknande.
Sjau
Sjau er festivalen sitt lim, smurning og ryggrad. Som sjauar blir du del av ein lystig gjeng som kan ta i eit tak eller tre. Du treng ikkje vera 18. Du må kunne løfte ein forsterkar, men ikkje eit flygel.
Dekor
Som dekormedarbeidar får du jobba med den visuelle profilen til Vossa Jazz, og med det skapa eit godt miljø rundt festivalen.
Dekorjobben byr på spanande og varierte oppgåver som å dekorera lokale og backstage og produsera kreative element som skal vera ein del av Vossa Jazz-opplevinga. Dekor set farge på Vossa Jazz!
Mat
Som mat-medarbeidar er du med på laget som planlegg, lagar og distribuerer mat til artistar, backstage, medarbeidarar og publikum.
Mat-medarbeidarane syter for at alle som skal få mat frå festivalen får denne der den trengs, smører brødmat, bemannar frivillig-HUB’en og står i bar og i matbod der dei lagar og sel enkel grillmat.Det er ein fordel (men ikkje eit krav) om du har erfaring med matlaging i arrangement eller festivalar eller har jobba med mat tidlegare.
Billett og innslepp
Medarbeidarane i billett- og innsleppsgjengen bemannar billettkontoret, sel billettar og festivalpass, svarar på publikum sine spørsmål om konsertane og spelestadane og informerer om billettsystemet.
I innsleppet held ein orden på køane, held publikum informert om kva som skjer og scannar billettar og sjekker armband, ein gir publikum ei god oppleving på veg inn til ein knall konsert.
Andre oppgåver
Desse verva treng litt færre frivillige, spesifiser i søknadsteksten kva du søkjer på.
Garderobe Park, Badnajazz, Akkreditering, Eldrejazz, Superjazz, Medarbeidarfilm
———————————–—————
DETTE FÅR DU SOM MEDARBEIDAR
- Frivillig-armband. Dette bandet gjev tilgang til alle arrangement der det er ledige plassar. NB! medarbeidarar har diverre ikkje høve til å kjøpa plassbillettar til konsertane. Dersom det er ein konsert du absolutt vil høyra, må du kjøpe såkalla enkeltbillett for å vera sikra plass.
- T-skjorte. Denne har du på deg når du er på vakt / jobb. Når du går på konsert utanom arbeidstid, har du på deg noko anna.
- Eigen Frivillig-HUB. Her vert det servert mat og drikke til alle frivillige som er på jobb. Dette vert ein stad å møtast i pausa når ein er på jobb.
- Medarbeidarfest sundag kveld (aldersgrense 18 år).
- Mykje moro, nyttige arbeidserfaringar og nye vener!
DETTE VENTAR ME AV DEG SOM MEDARBEIDAR
- Du møter opplagt, presis og edru på jobb.
- Du veit kvar og når du skal jobba og kven som er din næraste overordna.
- Du er samarbeidsvillig, positiv og tar initiativ når der trengs.
- Du behandlar andre festivalbesøkande og medarbeidarar fint.
MEDARBEIDARMAT
Du kan kjøpa grillmat til medarbeidarprisar hjå Vossakjøt som har serveringa utanfor Gamlekinoen. I tillegg har du tilbod om gratis mat og drikke i Frivillig-HUBen når du er på jobb. Me legg til rette for glutenfritt og vegetar.
OVERNATTING PÅ VANDRARHEIMEN
For dei som har lagt inn dette i søknadsskjemaet, er prisen 220 per pers per natt inkl. frukost. Prisen gjeld overnatting på 4-6-manns rom med dusj og do. Dersom de er fleire som ynskjer å dela rom, skriv dette i kommentarfeltet.
ARBEID
Kvar medarbeidar får informasjon frå sin departementssjef om kva vakter ein skal ha, og kva for oppgåver som skal gjerast. Me set stor pris på om du er fleksibel på evt. å byte vakt/arbeidsstad, dersom det vert behov for det.
ARBEID
Kvar medarbeidar får informasjon frå sin departementssjef om kva vakter ein skal ha, og kva for oppgåver som skal gjerast. Me set stor pris på om du er fleksibel på evt. å byte vakt/arbeidsstad, dersom det vert behov for det.