
Eit av Vossa Jazz sine tilpassa konserttilbod er Eldrejazz. Det er særleg lyden som er tilpassa godt brukte øyre, og programmet er kvart år valgt ut med tanke på det publikummet som brukar å ta plass i salen.
Dei siste åra har Eldrejazzen funne stad på Velferdssentralen i Sosialbygget, til ein lågare pris enn resten av festivalprogrammet. Med Eldrejazzen ynskjer Vossa Jazz å gje ei musikalsk oppleving til dei eldste i bygda vår, som ikkje lenger kjem seg til ein konsertarena. Kapasiteten er liten, men stemninga stor.
Eldrejazz 2026: Gabriels Novgorod
Eldrejazz 2025: Rohey Taalah og Martin Myhre Olsen
Eldrejazz 2024: Mjøs/Sørheim/Wolski Trio med Kjartan Fløgstad
Eldrejazz 2023: Påskemåne Ønskesol
Eldrejazz 2022: Snarvegen om Bauthus
Eldrejazz 2021: Siril Malmedal Hauge & Jacob Young – «Chasing Sunsets»
Eldrejazz 2020: Siril Malmedal Hauge
Eldrejazz 2019: John Pål Inderberg Trio
Eldrejazz 2018: Helge och Polarna
Eldrejazz 2017: Mads Berven – Gamleskulen
Eldrejazzturé 2016 med Valerina Fortes Orkester: Fordi De fortjener det!
