Lastar Hendingar

Eldrejazz: Påskemåne Ønskesol

  • Dette arrangementet er ferdig.
sundag 2. april

Kl 11:30

Den som får sjå sola dansa på påskemorgon kan ynskja seg noko!

Påskemåne Ønskesol er ei leiken og vakker familieframsyning – perfekt for besteforeldre som vil ta med borneborn i alderen 4-10 på noko kjekt!

Langt nord i Svartdalen bur Vesle-Live og pappa. Oldemor Gammel-Live bur i kårstova ute på tunet. Men ein dag skjer det noko uventa, og Vesle-Live får eit viktig oppdrag…

Thea Borring Lande spelar Vesle-Live, medan Jo Berger Myhre toneset framsyninga. Med enkle verkemiddel av høg kvalitet fortel dei ei stor, lita historie ramma inn av livets og naturens års- og livssyklusar, på borna sine premissar. Forteljinga er basert på ei bok av Jo Tenfjord og Harald Nordberg, og Marte Magnusdotter Solem har regissert framsyninga med sitt kloke blikk – med masse glimt i auga og kjærleik til menneska.

Skodespelar Thea Borring Lande har spelt store rollar på fleire av landets største scener, men det ho elskar aller mest, er å spela i små rom med akkurat passe mange menneske i. For her møtast vi på ordentleg! Hun brenn for å gje publikum gode teateropplevingar med plass til både latter og kanskje ei lita tåre i augekroken.

Bassist og komponist Jo Berger Myhre har i årevis spelt i band med store artistar innan både popmusikk og jazz, som Frida Ånnevik, Nils Petter Molvær og Ingrid Olava. Som teatermusikar fyller han rommet og forteljinga med klangar og melodiar som får oss til å lytta enno betre.

 

Medverkande på Vossa Jazz:
Thea Borring Lande – skodespelar, kunstnarisk leiar
Jo Berger Myhre – musikar, komponist

Produsent: Gunnbjørg Johannssen, Syv mil AS

 

(Marte Magnusdotter Solem – regi, Anngjerd Rustand – scenografi, Hedda Simonsen Lund – kostymedesign, Sigrid Edvardsson – koreografi, Gunnbjørg Johannessen – produsent, Lone Klein – inspisient, Akin Duzakin – illustrasjon, Marte Vold – foto/video)


Dette er ei familieframsyning. Born under 12 år gratis.


Framsyninga er støtta av Norsk Kulturfond, Spenn.no, Fond for lyd og bilde, Det Norske Komponistfond, Fond for utøvende kunstnere, Kloden Teater, Bergesenstiftelsen og Nesodden Kommune