Publikum skrik lenge før bandet går på sena.
Ljoset vert dempa, sena vert besett.
be be be be blop, blip blip
Framfor ein forvrengt spiral blenkjar mangefarga ljos, på ei sena med tre gongar så mange instrument som musikarar. Det er pling, det er plong, det er ei heil verd av eklektiske ljodar og elektrisk sjvång.
Strenger vert strøkne, tangentar vert tafsa på – kjakar vert fylte med luft, som vert blåst ut i blanke messingen, før den treff mikrofonane, og gjennom forsterkarane sprengjer ut i Vossasalen mot eit særs mottageleg publikum. Strobane blenkjar så sterkt at eg er glad eg har på meg kaps.