Voss er vidt, men Alaska er vidare

Foto Runhild Heggem, Vossa Jazz-28

Alaska kjem ikkje lenger enn til andre låt i lineupen, før applausen kjem trillande frå salen, og slengkyssa haglar frå scena. Den rause raspande røysta hans varmar opp Gamlekinoen som om den ikkje har husa andre stemmer enn nett hans. 

Trass monaleg med referansar frå Bowie, Beatles og Billie (Eilish), var Jonas Alaska umiskjenneleg seg sjølv. Han tek oss med gjennom herlege huglag og himmelske harmoniar, frå den skjøre If Only As A Ghost (Om berre som eit skrømt) til lette leikne Light Switch (Ljosbrytar)

Publikum vart så ivrige etter å syna sin godhug at dei reiste seg i applaus og klappa på 1 og 3. Ein einsleg publikummar greidde ikkje halda attende sitt lågmælte “eg elskar deg” i stilla før siste tone. 

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.