LYKKEHJULET, sett saman av elevar ved Jazzlinja i Trondheim, opna årets festival med ein variert og levande knallkonsert. Scena var nestan like fullstappa som salen, med to trommesett, fleire blåsarar, piano, lykkehjul, gitarar, bass, og ikkje minst vokalistar! Og songarane var kanskje dei som verkeleg fekk det unge publikummet til å spissa øyro – slik vokalkraft og virtuos leikenheit er sjeldan vare blant unge musikarar. Framtida ser lys ut for norsk jazz!
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.