For alle som hadde såre føtter og trøytte hovud seint på laurdagen, var det ei sann velsigning å senke kroppen sin ned i eit mjukt kinosete og lene seg tilbake til dei behagelege tonane til Mulelid’s Agoja. Med ei passande lyssetjing i blått og grønt, og ei ro frå musikarane som fylte heile salen, var det som balsam for sjela å både sjå og høyre Kjetil Mulelid og hans musikarar framføre prosjektet Agoja.
Vakre og harmoniske melodiar er vevd inn i intrikate rytmar på ein så mjuk og gjennomført måte at ein får assosiasjonar til rennande vatn. Her er lange dønningar og kortare bølger, høge toppar med skum på og elveleie. Samspelet mellom musikarane er finstilt og flytande, og vokalen på toppen nydeleg og var.
Dei avslutta med Pray for Peace, som også gjev assosiasjonar til både vatn og luft, og samstundes har eit lett og sommarleg preg. Etter mitt syn fell dette inn under kategorien “lydspa” på Vossa jazz dette året, og rundar av konsertdagen som ein fløyelsmjuk dessert.
Skrive av Sunniva Kambestad