Poeten Ivar Orvedal og hans fire medmusikantar smelta ord og tonar ilag på eit framifrå vis til takksame tilskodarar i kulturhuset på denne siste dagen av festivalen. Det var eit mektig samspel av godlyd som vart skapt mellom og rundt dei korte og sylskarpe dikta til Orvedal. Mest lik ei blanding av sjaman og prest messa han fram bilete som skapte nærast ein episk sakral dyrisk stemning. Med solid støtte av eit pumpande trøorgel ei kraftig blanding av blåsarar drivande trommer og ein djup trygg kontrabass skaptest ei vakker ramme for å synka godt ned stolen og la seg føra med.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.