Tidlegare i år fylte Johannes Gjerdåker 80 år. Han er lokalhistorikar, lyrikar, filolog og omsetjar og er m.a. kjend for gjendiktingar av den skotske poeten Robert Burns sine tekstar.
I samband med Gabriel Fliflet sin konsert Rose i Gamlekinoen 19. mars, ei tinging frå Vossa Jazz der Fliflet laga ny musikk til Burns-gjendiktingar, vart Gjerdåker hylla i ord og tonar.
Berit Opheim song, Herborg Kråkevik sende ei helsing (sjå her til lenke på You Tube) og Linda Eide framførte helsinga som du kan lese her:
Eg er beden om å helsa deg, Johannes Gjerdåker.
Tenk det, eg skal helsa deg.
Og veit du kven eg skal helsa frå?
Jo, alle vossingar som tenkjer at dei ikkje kjenner deg så godt.
Alle vossingar som alltid har vore litt redd deg.
Alle vossingar som har tenkt at du er så skarp i hovudet at dei ikkje har våga å snakka med deg, i redsle for å avsløra sin eigen avgrensa kapasitet.
Eg skal helsa frå alle vossingar som ikkje kan fatta og begripa at det går an å vera like god i persisk som i vossadialekt. Som ikkje kan fatta at ein av oss, like naturleg skriv i bøker om gamle gardar på Voss, som i bøker om framande dikt frå fire tusen år og poetisk modernisme.
Eg skal helsa frå desse vossingane som alltid vert så stolte når dei ser at berømte artistar og forfattarar får glans i augo og takksemd i blikket når namnet Johannes Gjerdåker kjem på bane.
Eg skal helsa frå alle vossingar som har lese svar på brev frå Helga og som har tenkt at dette er den vakraste nynorsken dei har lese.
Eg skal helsa frå alle vossingar som har høyrt om att og om igjen på Sigrid Moldestad sine cd-ar, som dagleg syng litt då eg gjekk å rusla, eller ein sæl kyss og aldri fleire, eit farvel og aldri meire. Djupt i saknad vil eg minnast, deg så lenge eg skal finnast.
Eller: Å vaking, Svevnen full av draum, vaken må eg tærast, ingen svevn å få, for tanken på min kjærast, å vaking, vaketimar svære.
Og eg skal helsa frå alle vossingar som er så glad for at du har gjort Joni Mitchell, om mogeleg endå betre, og for at du har laga den beste norske omsetjinga av ein Beatles-låt.
Dei er mange, desse vossingane som nynnar og syng desse orda dine. Dei er så glad i desse tekstane dine. Men kjenner eg desse vossingane rett, har dei aldri sagt det til deg.
Eg skal helsa frå desse vossingane som har høyrt om deg heile livet, som har hatt age for deg heile livet, og som har blitt inspirert til å tenkja på språk, på ord, på Ivar Aasen, på gamle stølar, på historie, på Scotland, på verda. Som har fått auga opp for at eit historisk medvit, ein trygg identitet, det er det som gjer oss opne for resten av verda.
Eg skal helsa frå desse vossingane, som eigentleg har hatt lyst å koma bort til deg så mange gonger. Eg skal helsa å seia at dei er så stolte og oppløfta over at slike som deg fins, her, rett framfor nasetippen vår.
Og som brudbringar skal eg til slutt helsa å seia at på seg sjølv kjenner ein andre.
Så takk skal du ha, Johannes Gjerdåker!