Superjazz, Proffene og Supergruppa (Foto: Odin Drønen/Vossa Jazz)

Heilproff Superjazz

I år fekk Superjazzen storfint besøk frå Bergen: Proffene! Dei har helde det gåande i over 30 år, og røynsla dei har opparbeidd høyrde ein att i musikken på Kulturhuset på sundag.

Cecilie på vokal song glasklårt og vakkert, gitarist og låtskrivar Trond er ein ordsmed og strengeklimprar av rang, Tromme-Terje spelte stødig og knalltøft, Roald hadde full kontroll på tangentane, og musikkterapeut Ørjan heldt det heile saman med kontrabassen. Og ikkje minst: Suppergruppo bidrog mannsterke med jazza perkusjon i alle variantar, spontan dans, tilrop og generell sprudlande musikkglede!

Etter halvanna år med danseforbod satt avslutningsnummeret «Når eg danser» som ei kule. Teksten fortener å siterast her i si fulle lengd – som ei påminning om kor mykje dans, musikk og samvær har å seie for menneska.

–

Når eg danser,

da vekkes alle mine sanser

da kan eg ikkje styre armer og kropp,

helt til det sier stopp!

–

Når det svinger

det føles som solen skinner

eg får bare lyst å holde på,

eg kan`kje rolig stå!

–

Eg er ikkje best her i verden,

men hva gjør det i dag?

For det er deilig å leve!

Og du er her, eg er i slag

Du er min, vi er i lag

–

Klapp i hender

og føl det suget som du kjenner,

ja, eg kan holde på i hele kveld

til solen er på hell.

–

Ja, eg svever

eg rett og slett bare lever,

og disse rytmer gjør meg yr og vill,

og eg får allting til.

Proffene – Når eg danser