Ein ny generasjon briljante jazzarar

Foto: Eirik Åsheim

Ikkje ein augekrok var tørr då Badnajazz-koret i samspel med Supersonics usjenert og vakkert leverte songar som dufta av sumar og markjordbær på strå. Dei hysjer lett på kvarandre og publikum som ein del av koreografien og får den fulle merksemd dei fortenar. For dette var slett ikkje barnemat. Lydbiletet var utfordrande og eksperimentelt og røyrde seg raskt frå dur til moll, frå melodiøst til det meir udefinerbare. Samspelet mellom dei capskledde barna og musikarane var såleis eit imponerande skode; dei manøvrerte seg leikande lett gjennom det varierte repertoaret. Supersonics fekk òg høve til å syne seg fram som dei virtuose instrumentalistane dei er. Mellom anna skapa trommis Ståle Birkeland eit musikalsk rabalder då han spelte på alt av rekvisittar han fann på scena – til og med på gitarist Chris Sharkey sin blanke skalle, noko som hausta vill jubel frå barnemunn.

Det vert fostra ein ny generasjon briljante jazzarar på Voss – sjå opp!

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.