Mange måtte dessverre snu i døra då dei prøvde å komme inn i ein stappfull Osasal for å høyre Soga om Seselja. Dei heldige som fekk plass, fekk til gjengjeld ei oppleving av dei sjeldne. Diktar Ruth Lillegraven formidla livshistoria til den ugifte syerska Seselja frå tidleg 1900-tal som om det skulle vere hennar eiga. Mellom tekstbolkane sette Ranveig Djønne (toradar) og Annlaug Børsheim (hardingfele og gitar) tonar og vakre vokalharmoniar til forteljinga. Sistnemnte var for høvet reserve for Tuva Syvertsen, men handsama utfordringa som om ho aldri skulle ha øvd på anna.
Soga om Seselja handlar mykje om livsmønster og kjønnsmønster som gjentek seg sjølv over generasjonar. På den eine sida er Seselja ei usynlig kvinne som verken er den etterlengta sonen eller kona til ein mann. Ho er ei som kjenner alle, men som ingen kjenner. På den andre sida vert ho gitt liv, kunnskap og draumar gjennom tekst og melodi. Samspelet mellom diktaren og musikarane bidreg til å understreke det repetitive og førebestemte ved Seseljas liv, og samstundes verdsette det handverket – sying, spinning, fletting – som ho har gitt vidare til verda. Då Lillegraven avslutta soga med ein slags hyllest til den nedarva kunnskapen som sit i alt rundt oss, var det mange våte auge i Osasalen. Ordet «vakkert» vart overhøyrt fleire gongar på veg ut i dagslyset – det var det verkelig.