All is full of ULD

Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

Laurdag ettermiddag var det mange som søkte seg til Vangskyrkja. Eit av høgdepunkta på årets festival stod for tur, då den lågmælte trioen ULD entra scena – eller altaren. Sjølv om dei ikkje har rukke å gje ut meir enn eit lite knippe låtar sidan dei debuterte for eit drygt halvår sidan, var denne konserten ein av dei første som vart utseld i år.

Navnet ULD er eit akronym som består fornavna til dei tre medlemmane Une Lorentze Onarheim (vokal), Lucia Andreadatter Utnem (piano) og Dagny Braanen Lindgren (trekkspel). Bandet vart til på Toneheim folkehøgskule, etter at grunnlaget var lagt på Foss vidaregåande skule i Oslo. Som ild i tørt gras spreidde ryktet seg om noko utanom det vanlege då dei i fjor returnerte til hovudstaden.

Og i Vangskyrkja kunne dei som var så heldige å ha sikra seg billett, både sjå og høyre at ULD ikkje berre var alt som alle sa dei skulle vere: Dei er enda betre! Like frå Utnem og Lindgren slo dei første tonane, og Onarheim kvad første line av Jon Fosses dikt “Inst inni meg”, var det som om tid og rom opphøyrde og alt vart mjukt som ull. Fosses dikt vart rett og slett sanning, dei 28 salige minutta denne kyrkjekonserten varte: 

Inst inni meg, der eg stille stille lyttar
Inst inni deg, der du stille stille ser
Der finst ein vind, som så stille stille andar,
Der finst ei sku, gamal alltid ny
Der finst eit ljos i deg, som alltid lyser
Det er din vind, og det er di sky
Og det er oss, og nettopp nettopp alle,
Det er vår kross, og det er vår vind.

Skrive av: Inga H. Undheim

Del gjerne!