Lastar Hendingar
Red Kite

Red Kite

  • Denne hending er over.
fredag 18. mars

Kl 00:00

Dette lyt ein kalla for ei supergruppe! Med musikarar frå Vossa Jazz-yndlingar som Shining, Elephant9, Bushman’s Revenge og Grand General er det duka for hardtslåande taktar i skjæringspunktet mellom psykedelisk 70-talsrock, progjazz og alt anna som er gromt og groovy.

Hermansen er kanskje den i Noreg som får mest ut av kombinasjonen fuzzpedal og Marshall-forsterkar, og Lofthus stiller svært høgt på lista over slagkraftige trommisar. Den rutinerte gjengen kallar Red Kite for leikestova si – her kan dei slå seg laus og sprenge sjangergrenser i spinnvilt samspel. Med god smak og individuelle tekniske ferdigheiter frå øvste hylle overskrid bandet sine inspirasjonskjelder og summen av partane i eit nytt, energisk uttrykk. Dei ovanfor nemnde banda har overvelda publikum med nyskapande kvalitetsmusikk dei siste åra – det er ikkje tvil om at Red Kite er eit band ein lyt få med seg på festivalen til neste år.

Even Helte Hermansen – gitar
Bernt Moen – tangentar
Trond Frønes – bass
Torstein Lofthus – trommer

Billettar = Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til berre denne konserten.

English
A veritable supergroup! Red Kite consists of members from Vossa Jazz favourites such as Shining, Elephant9, Bushman’s Revenge and Grand General. The four talented musicians think of Red Kite as a playground – a place where they can use their incredible skills to have fun and improvise. Somewhere between psychedelic 70s rock and experimental jazz Red Kite has found a new, energetic musical expression infused with visceral grooves and roaring fuzz guitar.