Lastar Hendingar

Dinamitri Jazz Folklore

  • Denne hending er over.
laurdag 24. mars

Kl 00:45

Dinamitri Jazz Folklore er eit eineståande jazzensemble frå Italia som har halde det gåande i over ti år. Dei er kjende for å vera eit heilt fantastisk, sprudlande live-band, som med middelhavsk temperament overskrider alle sjangergrenser. Funkgrooves à la James Brown møter Mingus, Zappa, afrikansk tradisjonsmusikk og New Orleans i Middelhavet – om det gir noko meining?

Jan Granlie (salt-peanuts.eu) har heilt rett når han skriv følgjande i ein omtale av bandet si nye liveplate «Exwide» (2017): «Hvis noe band fra sørlige breddegrader skal bli invitert til fest(ival) her oppe i kalde nord, så bør det bli disse. For en bedre fest enn det disse åtte musikerne kjører i gang, skal man lete lenge etter.»

Dette vert sveitt, fett og lett ein av dei råaste konsertane på Vossa Jazz!

Dimitri Grechi Espinoza – saksofon
Beppe Scardino – saksofon
Emanuele Parrini – fiolin
Paolo “Pee Wee” Durante – orgel, elektronikk
Gabrio Baldacci – elgitar
Andrea Melani – trommer
Simone Padovani – perkusjon
Piero Gesuè – vokal

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

http://www.dimitrigrechiespinoza.com/

https://www.facebook.com/dinamitri.jazzfolklore/

English:
Dinamitri Jazz Folklore is a brilliant jazz ensemble from Sardinia, Italia. With a Mediterranean temperament they defy genre boundaries: Traditional African rythms-meets-James Brown-meets-Mingus-meets-Zappa by the Mediterranean, if that makes any sense?! Musically speaking it most certainly does.