BADNAJAZZPARADEN

Badnajazzparaden er attende!

Foto frå 2016: Runhild Heggem

Som opplading kan store og små få ansiktsmaling, frå og med klokka 10:00 ved skateparken på Prestegardslandet.

Aktivitetsparken/skateparken er også startpunkt for paraden, som har avgangstid 11:00. Fremst i paraden går Andreas, Lars Andreas, Benedikte og Henrik frå Plutseleg badnajazzteater. Dei er klare for å lage liv og røre i gatene på Voss! Om du vil kle deg ut eller ta på deg ein artig hatt vert me veldig glade, og om du har noko heime i sakene dine som kan laga ein artig lyd i paraden kan du ta det med.

Du treng ikkje kunne noko rop på førehand, det improviserer vi saman med Andreas, Lars Andreas, Benedikte og Henrik, i god jazz-ånd. Alle born må vere i fylgje med vaksne, og alle er hjarteleg velkomne.

Paraden går til Scandic Hotell, og me vil vera framme i passande tid til å delta på Plutseleg Badnajazzteater si framsyning, for dei som ynskjer endå meir badnajazz.

Paradegeneralar: Andreas Cappelen, Benedikte Kruse, Henrik Horge, Lars Andreas Aspesæter.

Paraden klokka 11:00 er GRATIS.

Framsyninga klokka 12:00 krev berre PLASSBILLETT til 25 kr. Dette gjeld alle publikumarar, uansett om ein har pass eller ikkje. Unntak: Born under 2 år treng ikkje plassbillett.

Foto: Jarle Nyttingnes