

Til vanleg heiter dei Plutselig Barneteater, men her hjå oss heiter dei Plutseleg Badnajazzteater og er ei bestillingsframsyning spesielt for Badnajazz.
Gjer dykk klare for eit improvisert eventyrteater for born der magien blir til i augneblinken! Plutseleg Badnajazzteater tek utgangspunkt i kjende forteljingar, eller kanskje heilt nye påfunn, og skapar ei uføreseieleg og morosam framsyning heilt på sparket.
Saman med musikarane og skodespelarane Benedikte Kruse, Andreas Cappelen, Henrik Horge og Lars Andreas Aspesæter får publikum vera med på å forma historiene. Det gjer at ingen framsyning blir lik den førre, og borna får vera med på å leggja premissane for alt som skjer på scena. Det blir ei musikalsk og magisk stund der både små og store får kjenna på gleda ved improvisasjon.
Om de ikkje klarer å venta til dei kjem til Voss, kan de høyra gjengen i podcasten deira. Der improviserer dei fram fantastiske eventyr som er perfekt lytting for både små og store, og kanskje helst saman.
Målgruppa er born med tilhøyrande familie. Tullete og gøy for alle!
Andreas Cappelen – skodespel, vokal
Benedikte Kruse – skodespel, vokal
Henrik Horge – skodespel, vokal
Lars Andreas Aspesæter – piano, vokal
Foto: Jarle Nyttingnes
MERK: Denne framsyninga startar i forlenginga av Badnajazzparaden, som er tilbake i år! Paraden klokka 11:00 er GRATIS.
Framsyninga klokka 12:00 krev berre PLASSBILLETT til 25 kr. Dette gjeld alle publikumarar, uansett om ein har pass eller ikkje. Unntak: Born under 2 år treng ikkje plassbillett.