Badnajazzparaden er tilbake!

Plutseleg Badnajazzteater Foto Jarle Nyttingnes

Me er glade for å fortelje at Vossa Jazz tek ein av dei stoltaste og mest gledelege tradisjonane inn att i festivalen.

Årets parade startar frå Aktivitetsparken på Prestegardslandet klokka 11:00 og går til Scandic Hotell.

Fremst går Andreas, Benedikte og Henrik frå Plutselig Barneteater, og dei er klare for å lage liv og røre i gatene på Voss. Alle er velkomne til å delta, om du vil kle deg ut eller ta på deg ein rar hatt vert me veldig glade! Og om du har noko heime i sakene dine som kan laga ein artig lyd i paraden kan du ta det med!

Du treng ikkje kunne noko rop på førehand, det improviserer vi saman med Andreas, Benedikte og Henrik, i god jazz-ånd. Alle born må vere i fylgje med vaksne, men alle er hjarteleg velkomne.

Paradegeneralar: Andreas Cappelen, Benedikte Kruse, Henrik Horge

Badnajazzparaden har lange tradisjonar, dette biletet er frå 2016.

Foto: Runhild Heggem.


Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.