Fredag 27. mars, kl 10:00 – 14:00, Kulturhuset
(Program under)
KULTURKONFERANSEN 2026 – Korleis sikre eit mangfaldig og fritt kulturliv i heile landet?
Noreg har eit fantastisk tilfang av musikarar, biletkunstnarar, forfattarar, dansarar og scenekunstnarar. Er vi i ferd med å ta dette for gitt? Dette er ein konsekvens av dei gode vilkåra ein har hatt i Noreg over tid – vilkår vi alle må vere klar over og hegne om. Søv vi på vakt kan vi risikere at dette vert nedbygd og innskrenkt på eit slikt vis at vi om 10-15 år ikkje kjenner att vårt eige kulturfelt. Det store spørsmålet for framtida er difor: korleis skal vi sikra eit mangfaldig og fritt kulturliv i heile landet?
Institusjonane står særleg sterkt i Noreg, og kulturministeren vår har varsla at no er det det frie feltet sin tur. Kva inneber dette i praksis for dei som skaper kunsten – og ikkje minst, for publikumet?
Kulturminister Lubna Jaffery kjem sjølv til Voss for å gjere opp status, dela tankar og planar.
Mariken Lauvstad, forfattar av Kampen om kunsten løftar fram nokon truande tendensar i tia, professor Sigrid Røyseng kjem for å gi oss eit fugleperspektiv på kulturpolitikken og Øystein Strand som er nytilsett direktør for Kulturdirektoratet kjem for å snakka om sjølve livnerva for det frie feltet i kultur-Noreg, nemleg Kulturfondet.
Kunstnar, byråkrat og kulturarbeider Hannah Wozene Kvam frå Norsk Kulturforum kjem for å snakka om kultur der folk bur, og vi får eit musikalsk innslag og ein prat med musikar og komponist Andreas Rotevatn om korleis det er å leve av musikk.
Og det blir debatt med ei rekkje folkevalde frå lokalt, regionalt og nasjonalt hald. Blant desse finn vi Tonje Såkvitne (Sp) ordførar i Voss Herad, Jacob Nødseth (V) leiar for Vestland fylkeskommunes hovudutval, kultur idrett og inkludering, Stian Davies (Ap) fylkesvaraordførar, Trude Letnes (Ap) kommunalsjef i Voss Herad samt Silje Hjemdal (FrP), Benjamin Jacobsen (Ap) og Haagen Poppe (H) frå familie og kulturkomiteen på Stortinget.
I tillegg kjem tingingsverkkomponist Lars Horntveth innom for å ta ein prat om det rykande ferske Tingingsverket og Frode Grytten er med oss som konferanseskald og oppsummerer hovudlinjene i konferansen på sitt vis, i år som tidlegare. Programleiar for dagen er forfattar og journalist Randi Fuglehaug. Velkomne skal de vera!
Inngangspris: 25 kr (plassbillett) / 250 kr (plassbillett + konferanselunsj) – Lenke til billettkjøp kjem
Konferanselunsj inkluderer eit lunsjmåltid, te, kaffi og vatn, samt noko søtt. Frist for å kjøpa konferanselunsj er 23. mars.
Program
OPPSTART
Musikalsk innslag Andreas Rotevatn
Opning Festivalleiar for Vossa Jazz, Frøydis Århus
Samtale Programleiar Randi Fuglehaug og Tingingsverkkomponist Lars Horntveth
DEL 1
Eit mangfaldig og fritt kulturliv
Lubna Jaffery, likestillings- og kulturminister (AP).
Kulturpolitisk fugleperspektiv
Sigrid Røyseng, professor og kulturforskar ved Norges musikkhøgskole.
Kulturfondet: forvalting, omfang og utstrekning
Øystein Strand, direktør for Kulturdirektoratet.
Kunst og kultur der folk bur
Hannah Wozene Kvam,fagleg seniorrådgjevar i Norsk Kulturforum, NOKU.
Premiss for eit mangfaldig og rikt kulturliv
Samtale mellom politisk leiing, organisasjonar og utøvarar:
- Lubna Jaffery, likestillings- og kulturminister (AP).
- Andreas Rotevatn, musikar
- Gry Bråtømyr, dagleg leiar i Norsk jazzforum
- Øystein Strand, direktør for Kulturdirektoratet.
- Hannah Wozene Kvam, fagleg seniorrådgjevar i Norsk Kulturforum (NOKU).
DEL 2
Kampen om kunsten
Mariken Lauvstad. Forfattar, kritikar, kulturkomentator og dramaturg.
NOU-anbefalingane (sjå vedlegg)
Sigrid Røyseng, professor og kulturforskar ved Norges musikkhøgskole
POLITISK DEBATT – lokalt perspektiv Fleire deltakarar kan komme til
- Tonje Såkvitne, ordførar Voss herad (Sp)
- Jacob Nødseth, leiar for hovudutval kultur, idrett, inkludering i Vestland fylkeskommune (V)
- Stian Davies, fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune (Ap)
- Trude Letnes, kommunalsjef for kultur og fritid i Voss herad (AP)
- Ordstyrar og fleire deltakarar vil komme til
Spørsmål frå salen
POLITISK DEBATT – nasjonalt perspektiv
- Benjamin Jakobsen, Kultur- og familiekomitéen (Ap)
- Silje Hjemdal, Kultur- og familiekomitéen (FrP)
- Haagen Poppe, Kultur- og familiekomitéen (H)
- Ordstyrar og fleire deltakarar vil komme til
Spørsmål frå salen
Tekst Frode Grytten
Kulturkonferansen 2026 vert skipa til i samarbeid Voss Herad, Vossa Jazz, Creo, Norske Kulturarrangører, Norsk Jazzforum, Kultur Vest, Norsk Musikkråd, Vestnorsk Jazzsenter og Vossa Jazz
Aktuelt lesestoff for særleg interesserte
Lenke: Musikklandet. Flerstemt musikkpolitikk for framtiden, NOU-rapport 2025 : 7
Musikkutvalet har levert historiens første gjennomgang av heile musikklivet i Noreg. Oppdraget var å sjå både institusjonar, organisasjonar, frivilligheit, skaparar, utøvarar og verkemiddelapparatet i samanheng. Utgreiinga speglar musikken si rolle i heile samfunnet og gir tilrådingar på fleire politikkområde.
Norges offentlige utredninger (NOU) er ein serie med rapportar publisert av utval eller arbeidsgrupper nedsatt av regjeringen.
Lenke: Verdien av kulturlivet for Voss, SAØ-rapport 2024 : 7
Samfunnsøkonomisk analyse AS, med Rolf Røtnes som prosjektleiar, har gjennomført ein analyse av verdien kultur og musikalske hendingar har for eit lokalsamfunn – Konkretisert ved å sjå på verdien av Vossa Jazz og kulturlivet for Voss.
Analysen var gjort på oppdrag frå Norsk musikkråd, Norske Kulturarrangørar, Norsk jazzforum, Creo – forbundet for kunst og kultur, NOPA – Norsk foreining for komponistar og tekstforfattarar og Voss herad.