Korleis sikre eit mangfaldig og fritt kulturliv i heile landet?
Fredag 27. mars, kl. 10:00 – 14:00, Kultursalen
(Program under)
Noreg har eit fantastisk tilfang av musikarar, biletkunstnarar, forfattarar, dansarar og scenekunstnarar. Er vi i ferd med å ta dette for gitt? Dette er ein konsekvens av dei gode vilkåra ein har hatt i Noreg over tid – vilkår vi alle må vere klar over og hegne om. Søv vi på vakt, kan vi risikere at dette vert nedbygd og innskrenka på eit slikt vis at vi om 10-15 år ikkje kjenner att vårt eige kulturfelt. Det store spørsmålet for framtida er difor: korleis skal vi sikra eit mangfaldig og fritt kulturliv i heile landet?
Institusjonane står særleg sterkt i Noreg, og kulturministeren vår har varsla at no er det det frie feltet sin tur. Kva inneber dette i praksis for dei som skaper kunsten – og ikkje minst, for publikum?
Kulturminister Lubna Jaffery kjem sjølv til Voss for å gjere opp status, dela tankar og planar.
Mariken Lauvstad, forfattar av Kampen om kunsten- Et forslag for kulturens rolle i demokratiet, løftar fram truande tendensar i tida. Professor Sigrid Røyseng kjem for å gi oss eit fugleperspektiv på kulturpolitikken. Og Øystein Strand som er nytilsett direktør for Kulturdirektoratet, kjem for å snakka om sjølve livsnerva for det frie feltet i kultur-Noreg, nemleg Norsk kulturfond.
Kunstnar, byråkrat og kulturarbeider Hannah Wozene Kvam frå Norsk Kulturforum kjem for å snakka om kultur der folk bur, og vi får eit musikalsk innslag og ein prat med musikar og komponist Andreas Rotevatn om korleis det er å leve av musikk.
Og det blir debatt med ei rekkje folkevalde frå lokalt, regionalt og nasjonalt hald. Blant desse finn vi Tonje Såkvitne (Sp) ordførar i Voss herad, Jacob Nødseth (V) leiar for Vestland fylkeskommunes hovudutval, kultur idrett og inkludering, Stian Davies (Ap) fylkesvaraordførar, Håvard Skattum (SV) leiar for Utval for Kultur og Næring i Voss herad, Trude Letnes kommunalsjef for kultur og fritid i Voss herad samt Familie- og kulturkomiteen frå Stortinget representert ved Silje Hjemdal (FrP), Haagen Poppe (H) og leiar Bente Estil (Ap).
I tillegg kjem tingingsverkkomponist Lars Horntveth innom for å ta ein prat om det rykande ferske Tingingsverket. Programleiar for dagen er forfattar og journalist Randi Fuglehaug. Velkomne skal de vera!
Prisar: 25 kr (inngangsbillett) / 250 kr (inngangsbillett og lunsj).
Lunsj inkluderer eit smurt måltid, te, kaffi og vatn, samt noko søtt. Frist for å kjøpa konferanselunsj er 23. mars.
Billettane til Kulturkonferansen er uavhengige av billettar til Vossa Jazz.
Program
Fredag 27. mars, kl. 10:00 – 14:00, Kultursalen
OPPSTART
Musikalsk innslag Andreas Rotevatn
Opning Festivalleiar for Vossa Jazz, Frøydis Århus
Samtale Programleiar Randi Fuglehaug og Tingingsverkkomponist Lars Horntveth
DEL 1
Eit mangfaldig og fritt kulturliv
Lubna Jaffery, likestillings- og kulturminister (AP)
Kulturpolitisk fugleperspektiv
Sigrid Røyseng, professor og kulturforskar ved Norges musikkhøgskole
Norsk kulturfond: forvaltning, omfang og utstrekning
Øystein Strand, direktør for Kulturdirektoratet
Kunst og kultur der folk bur
Hannah Wozene Kvam, fagleg seniorrådgjevar i Norsk Kulturforum, NOKU
SAMTALE – Premiss for eit mangfaldig og rikt kulturliv
Samtale mellom politisk leiing, organisasjonar og utøvarar.
- Gry Bråtømyr, Norsk Jazzforum
- Lubna Jaffery, likestillings- og kulturminister
- Andreas Rotevatn, musikar
- Hannah Wozene Kvam, slampoet, kunstnar og fagleg seniorrådgjevar i Norsk Kulturforum
DEL 2
Kampen om kunsten
Mariken Lauvstad. Forfattar, kritikar, kulturkomentator og dramaturg
NOU-anbefalingane (sjå vedlegg)
Sigrid Røyseng, professor og kulturforskar ved Norges musikkhøgskole
POLITISK DEBATT – lokalt perspektiv
- Tonje Såkvitne, ordførar Voss herad (Sp)
- Jacob Nødseth, leiar for hovudutval kultur, idrett, inkludering i Vestland fylkeskommune (V)
- Stian Davies, fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune (Ap)
- Trude Letnes, kommunalsjef for kultur og fritid i Voss herad
- Håvard Skattum, leiar for Utval for kultur og næring i Voss herad (SV)
- Ordstyrar Øyunn Viken
Spørsmål frå salen
POLITISK DEBATT – nasjonalt perspektiv
Norsk kulturfond – livsåra for det frie feltet
- Bente Estil, leiar i Kultur- og familiekomitéen (Ap)
- Silje Hjemdal, Kultur- og familiekomitéen (FrP)
- Haagen Poppe, Kultur- og familiekomitéen (H)
- Ordstyrar Øyunn Viken
Spørsmål frå salen
Samarbeidsparnerar for tilskiping av Kulturkonferansen 2026:

Aktuelt lesestoff for særleg interesserte
Lenke: Musikklandet. Flerstemt musikkpolitikk for framtiden, NOU-rapport 2025 : 7
Musikkutvalet har for aller første gong levert ein gjennomgang av heile musikklivet i Noreg. Oppdraget var å sjå både institusjonar, organisasjonar, frivilligheit, skaparar, utøvarar og verkemiddelapparatet i samanheng. Utgreiinga speglar musikken si rolle i heile samfunnet og gir tilrådingar på fleire politikkområde.
Norges offentlige utredninger (NOU) er ein serie med rapportar publisert av utval eller arbeidsgrupper som er sette ned av regjeringa.
Lenke: Verdien av kulturlivet for Voss, SAØ-rapport 2024 : 7
Samfunnsøkonomisk analyse AS, med Rolf Røtnes som prosjektleiar, har gjennomført ein analyse av verdien kultur og musikalske hendingar har for eit lokalsamfunn – konkretisert ved å sjå på verdien av Vossa Jazz og kulturlivet for Voss.
Analysen vart gjort på oppdrag frå Norsk musikkråd, Norske Kulturarrangørar, Norsk jazzforum, Creo – forbundet for kunst og kultur, NOPA – Norsk foreining for komponistar og tekstforfattarar og Voss herad.

