Vossa Jazz skipar til nasjonal kulturkonferanse 31. mars

Vakkert samspel? – Om samhandling og samarbeid mellom friviligheit og profesjon i kulturlivet.

Vossa Jazz inviterer, i samarbeid med Voss herad, Kultur Vest, Norsk jazzforum, CREO, KRAFT – tankesmia for kunst og kultur, Norske Kulturarrangører og Norsk musikkråd, til kulturkonferanse

fredag 31. mars kl. 10.00 – 14.00 i Voss kulturhus:

Kunsten har alltid spelt ei avgjerande rolle i menneska sin kultur. Han vert ikkje til under ein stein, men er eit resultat av eit mangfaldig samspel. Samhandling mellom frivilligheita og det profesjonelle kulturlivet står sterkt, og heile 1,4 mill. nordmenn seier at dei er aktive som frivillige i ei eller anna form i kulturarbeid. Men kva verkemiddel må til for å sikra det unike samspelet?

  • Kunsten vert ikkje til under ein stein, korleis verkar kunsten og kva er det me skal?
    Avspark ved Solveig Slettahjell, Kraft – tankesmia for kunst og kultur.
  • Kva er frivilligheit verdt?
    Ei sannsoge om kulturfrivilligheitas kraft, ved Trude Storheim, dagleg leiar Vossa Jazz.
  • Korleis heng det saman?
    Kvar går dei statlege midlane og korleis vert dei best fordelt? Samtale med Hans Ole Rian (Creo), Siri Haugen Holden (NKA) og Bjarne Dæhli (Norsk musikkråd).
  • Personleg skråblikk ved Ragnhild Furebotten.
  • Korleis fungerer samspelet mellom frivilligheit og det profesjonelle kunstfeltet?
    – Panelsamtale
  • Langsiktig verkemiddel
    Kva rammevilkår treng musikkfeltet for at kunsten skal fungera?
    Debatt med Tage Pettersen (H) , Torstein Tvedt Solberg (AP), Silje Hjemdal (FRP) og Kathy Lie (SV)
  • Smakebit av årets Tingingsverk signert Oddrun Lilja.
  • Oppsummerande skråblikk frå Frode Grytten.

Hilde Sandvik vil leia oss gjennom dagen.


Kjøp billettar hjå TicketCo. Billetten inkluderer kaffi og lett lunsj. Dagskort eller festivalpass til Vossa Jazz gjeld ikkje konferansen.



Del gjerne!