Buss heim på bygda

Vossa Jazz ynskjer å leggja til rette for samkøyring og har i samarbeid med Tide sett opp Sharebus-ruter heim frå festivalen etter fredagens og laurdagens konsertar. Det er avgrensa tal plassar, så ver rask for å sikra deg plass. 


Natt til laurdag:
Kl. 00:05 Voss stasjon til Bavallstunet og Skulestadmo      
Kl. 01:00 Voss stasjon til Bavallstunet og Skulestadmo      
Kl. 02:00 Voss stasjon til Skulestadmo og Myrkdalen    
Kl. 02:00 Voss stasjon til Evanger
Kl. 02:00 Voss stasjon til Granvin


Natt til sundag:
Kl. 00:05 Voss stasjon til Bavallstunet og Skulestadmo  
Kl. 01:00 Voss stasjon til Bavallstunet og Skulestadmo  
Kl. 02:00 Voss stasjon til Skulestadmo og Myrkdalen  
Kl. 02:00 Voss stasjon til Evanger
Kl. 02:00 Voss stasjon til Granvin    ‍


NB! Sharebus vert driven ut frå etterspurnad og er avhengig av eit visst tal kjøpte billettar på kvar rute for at turen skal bli gjennomført. Kjøp difor billett tidleg. Ved kansellering blir betalte billettar automatisk refunderte. 

Dersom ikkje mange nok har kjøpt billett innan kl. 14.00 måndag 27. mars vert ruta kansellert. Forutsett at ruta vert sett opp og ledig kapasitet kan ein kjøpa billett heilt fram til avreise.

Fristar for ombooking og avbestilling:
Ved kansellering av billett inntil seks dagar før avreise vert heile beløpe refundert. Dersom ein Sharebus ikkje når sitt passasjermål innan seks dagar før avreise vert heile beløpet automatisk refundert.

Du kan kansellera billett fram til seks dagar før avreise. Logg inn på sharebus.co og trykk «kanseller billett». Dette er likevel ikkje mogleg dersom passasjermål allereie er nådd. Billetten kan overførast til ein annan passasjer fram til to timar før avgang, men den reisande må informera seljar på post@ferdia.no for å gjennomføra dette.


Kvifor kjøpe billett på ein Sharebus?
‍- Fordi det er ein komfortabal og trygg måte å reisa på
– Det er enkelt å bestilla
– Det er bra for miljøet og sosialt

Del gjerne!