Trøen/Arnesen kvartett
Trøen/Arnesen kvartett

Jolajazz 2017

Kjøp billettar til Jolajazz hjå TicketCo.

PROGRAM JOLAJAZZ FREDAG 29. DESEMBER PÅ PARK:

BADNAJOLAJAZZ kl 15:00 

Hei Kalas! med Heidi Marie Vestrheim i spissen syng og spelar musikk med ein underfundig undertone. Songane er morsame på ein trist måte eller triste på ein morosam måte. Det handlar om kva ein tenkjer på og opplever i kvardagen. Store ting og små ting. Kvifor vil nokon segla i eit badekar heilt til Australia og kvifor står alt det gode på øvste hylle, slik at ein ikkje rekk opp? Det handlar om at det står mykje rart i avisa, som for eksempel at ein mann set fyr på sin eigen godteributikk. Kvifor vil nokon det?

Hei Kalas! undrar seg over verda og livet og dyra og menneska saman med publikum. Med fokus på gode tekstar formidlar Hei Kalas! heilt daglegdagse ting på ein måte som både ungar og vaksne kjenner seg att i. Songane er mynta på born, men Hei Kalas! meiner born og vaksne er opptekne av dei same tinga, berre i litt forskjellig skala. Det er ikkje heilt sutalaust å vera verken born eller vaksen.

Gjennom fine og rare små historier vil Hei Kalas! med humor og speleglede formidla det som engasjerer dei mest – undringa og funderinga over at alt er som det er.

Heidi Marie Vestrheim
Roy Ole Førland
Brit Aksnes

Det vert og song og musikk av og med Badnajazzkoret og samkoma etter konserten i Vossajuvet!

Badnajazzkoret

JOLAJAZZ frå kl 21:00

Trøen/ Arnesen kvartett – premeière!
Trøen/Arnesen kvartett er eit nystarta band som byr på heftig swing-jazz og saftige balladar. Med eit aldersspenn på fleire generasjonar og erfaring frå ulike sjangrar og epokar samlast dei fire musikarane rundt ein felles kjærleik for «den gode gamle jazzen».  Med ideal frå jazzens øvste hylle finn dei inspirasjon frå store namn som John Coltrane, Keith Jarrett, Joe Henderson og Dexter Gordon. Kvartetten tek dei med seg jazztradisjonen inn i eigne komposisjonar, samt eigne tolkingar av gamle perler. Her vert det både swing og god jazzkok!

Dag Arnesen – piano
Elisabeth Lid Trøen – saksofon
Ole Marius Sandberg – bass
Frank Jacobsen – trommer

Microbandet
Microbandet består av Kjersti Døssland (Yamaha-synth) og Brit Aksnes (gitar) som i over fem år har hygga mange og ikkje minst seg sjølve med raddbrekking/forbetring av andre sine låtar. Som alle seriøse microband, har dei valt å fokusera særleg på julehøgtida, og før dei eigentleg hadde hatt sin fyrste spelejobb, hadde dei spelt inn ein julesingel, som vart trykt på raud vinyl. Den er det sjølvsagt fleire att av, sjølv om dei ikkje trykte opp særleg mange.

Elles vel dei ut nye og gamle klassikarar som dei framfører med stor innleving og nesten reine harmoniar innimellom. Vassendgutane og Britney Spears har like høg stjerne, og begge får lik behandling av Microbandet. Mottoet «ingen forventningar» innfrir dei gong på gong med si blanding av tostemt song og masing i stereo. At begge har lang fartstid i presseavdelinga til Vossa Jazz gjer jo at det berre er superlativ publikum kan kasta på denne sjarmerande duoen!

Neil Young på norsk
ReHarvest gjendiktar den canadiske helten Neil Young sitt kanskje mest populære album «Harvest» til si tid, sitt språk og sitt landskap. ReHarvest hadde sin fyrste konsert på Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i mai 2015, og då måtte ein skipa til ekstrakonsert for å møta billettetterspurnaden. Bandet består av Tor Schei Hellesnes (song og gitar), Alis Lund-Johansen (song), Rolf Tore Djønne (gitar, banjo, steel gitar), Terje Hjartnes (bass), Lars Magnus «Topho» Nordtveit (trommer og perkusjon) og Hanne Li (song og piano). Alle har tilknyting til Ulvik. I tillegg til gjendikting av Neil Young-låtar vil det bli spelt ein og annan låt av andre artistar, som ei ekstra jolegåve til Jolajazzen sitt publikum. Dette vert nok populært!

Voss storband med gjester
Voss sitt eige storband har nytta hausten til å henta fram musikk frå gamle filmperler som The Commitments og Blues Brothers. For at dette skal svinga skikkeleg har ein henta inn l(v)okale krefter så her er det berre å gjera klar arbeidande dansesko og repetera gamle songskattar.

Jarand Lienig – dirigent
Trond Remme – trompet
Styrk Opheim – trompet
Arild Hellesøy – trompet
Ole Didrik Lærum – trompet
Lillian Hjelmeland – trompet
Berit Veka – trombone
Gjertrud Karevoll – trombone
Kjetil Lygre – trombone
Rune Rønhovde – altsaksofon
Charlotte Egdetveit Karlsen – altsaskofon
Åse Marie Jordal – tenorsaksofon
Halvard Bjørgo – tenorsaksofon
Jan Tvilde – baritonsaksofon
Bjørn Sandnes  – gitar
Trond Matre – bass
Steinar Røthe – trommer
Einar Hauge – piano
Jan Ove Mjånes – piano, vokal
Solhild Hauge – vokal
Thomas Trettenes – vokal
Solfrid Himle – kor
Silje Stubø Solstad – kor
Grethe Marie Skjervheim – kor

DJ Finborud
Ein suksess er til for å verta gjentatt og det gjer me gledeleg. Få andre kan få jolajazzarane til å aldri villa heim att; vår eigen DJ Finborud avsluttar ballet og du er med til den siste rytmen har ljoma i Vossajuvet.

Billettar får du kjøpt hjå TicketCo.
Dersom du ynskjer middagspakke, dvs. tre-retters middag og Jolajazzbillett, kjøper du dette hjå Park, i resepsjonen eller på telefon 56 53 10 00.

Park har òg tilbod på pakke som inkluderer 3-retters middag, Jolajazzbillett og overnatting.

Velkomen!