Razika
Razika

Jolajazz 2016

Du er med dette invitert til årets jolafest!

Romjolas beste fest finn stad på Voss torsdag 29. desember og du er med dette invitert. Me startar opp med musikk for dei yngste klokka 15:00, då spelar Razika opp og med seg får dei vårt eige Badnajazzkor, så denne Badnajolajazzen vil du ikkje gå glipp av 🙂

Klokka 21:00 går dørene opp på Park for den tradisjonelle Jolajazzen, me kan lova knalbra musikk og saman med eit feststemt publikum blir det garantert god stemning.

Razika
Hullyboo med Tore Brunborg
Voss Kraftlag
Bjørnar Brandseth
DJ Lars Finborud
… er våre musikalske gjester som stiller med årets musikalske meny.

Razika
Razika er ein jentekvartett som spelar ska-pop-rock og syng på norsk. Razika er noko for seg sjølv, makan til bra damer ska du leita lenge etter. Dei spelar musikk til å bli glad av og dei byr på seg sjølve frå scena. Her er det med andre ord duka for eit fint fellesskap for og med publikum.

Marie Amdam – vokal, gitar
Marie Moe – vokal, bass
Maria Råkil – vokal, gitar
Embla Karidotter – vokal, trommer
Andreas Rotevatn – blås
Morten Smith LIen – blås

http://www.razika.no/

Hullyboo med Tore Brunborg
Denne trioen spelar musikk i kryssingspunktet mellom jazz, country og blues; lett slentrande og upretensiøst. Sidan starten i 2009 har dei turnert og spelt mykje, både i Noreg og internasjonalt, og har hausta flotte tilbakemeldingar og gode omtalar. Det same kan seiast om vår eigen jazzskatt, Tore Brunborg. Han har spelt tallause konsertar både i eigen og andre sin regi og har mellom anna levert fleire tingingsverk til Vossa Jazz.

Tore Brunborg – saksofon
Marius Klovning – gitar
Bjørnar Tveite – kontrabass
Mats Jensen- trommer

https://nb-no.facebook.com/Hullyboo/

http://www.torebrunborg.com/www.torebrunborg.com/Enter.html

Voss Kraftlag
Voss Kraftlag har oppstått på røtene til Voss Horn, dei kjem i eit nytt  format og med nytt repetorar. Dei lovar ein utadvendt profil med ein saleg miks av funk, jazz og rock. Det vert både gamle hits i nye tapningar og nytt eigenkomponert materiale. Sjå opp for ei heftig blåserekkje!

Are Ovesen – trompet
Trond Remme – trompet
Elisabeth Lid Trøen – saksofon
Thomas Nøkling – saksofon
Håvard Sannes – trombone
Oddvar Nøstdal – trombone
Jan Ove Mjånes – vokal (og piano)
Bjørn Sandnes – gitar
Trond Matre – bass
Einar Hauge – keyboard
Kåre Opheim – trommer

Bjørnar Brandseth
er ein annan musikalsk vossing som gjennom band som The Northern Belle, Yngve & his Boogie Legs og Silver Lining har gjort seg bemerka som ein allsidig låtskrivar og musikar. Soloprosjeket hans er i eit pop/americana-landskap med referansar til artistar som Magnet, Jeff Buckley og Ryan Adams.

Bjørnar Ekse Brandseth – vokal, gitar, pedalsteel
Yngve Jordalen – bass
Trym Gjermundbo – trommer

https://nb-no.facebook.com/brandsethmusic/

DJ Lars Finborud
Me gjentek suksessen frå i fjor og avsluttar Jolajazz med DJ: Lars lovar å blanda saftige godbitar med funk, disco, jazz, rock, pop og house til ei groovy betasuppe for dansesvoltne jolajazzarar!

Om du takkar ja til invitasjonen kan du gå vidare til TicketCo og kjøpa billettar.

OBS! Dersom du ynskjer middagspakke, dvs. tre-retters middag og Jolajazzbillett,
kjøper du dette hjå Park, i resepsjonen eller på telefon 56 53 10 00.

Velkomen!

Hullyboo og Tore Brunborg
Hullyboo og Tore Brunborg
Bjørnar Brandseth
Bjørnar Brandseth
DJ Finborud
DJ Finborud