
Årets Jolajazz på Park hotell skjer, tradisjonen tru, tirsdag 5. juledag.
I år speler 3 band i tillegg til Festival DJ’en vår, som held koken i Juvet frå klokka 20:00 – 02:30.
Program:
18:00: Fyrste bordsete i Restaurant Elysée (booking direkte til Park hotell)
19:30: Andre bordsete i Restaurant Elysée
20:00: Dørene opnar og DJ Vlad speler dansbar musikk i Juvet
21:30: Jazzklubben: The Season Quartet – What are you doing new years eve?
22:30: Café Stationen: Christmas Tree’O
24:00: Jazzklubbene: Voss Kraftlag
Billett til Jolajazzen kan du kjøpa her!
Om banda:
The Season Quartet – What are you doing new years eve?
Til Jolajazzen i år har me utfordra saksofonist Aksel Øvreås Røed til å setje saman ein kvartett til oss. Han vart tildelt Vossa Jazz-prisen i 2023 og er ein av dei mest aktive og allsidige musikarane frå sin generasjon. Til vanleg speler han med namn som The Red Barn, Lyder Røed Quintet, Røed Quartet, Vestnorsk Jazzensemble og veldig mange andre. Du ser han truleg også på scena i fleire konstellasjonar under Vossa Jazz 2027, men fyrst ser du han spele Jolejazz i tradisjonsrike Café Stationen saman med Sigurd Steinkopf, Andreas Svabø og Svein Olav Herstad. Kan me lova dansing? – ja det kan me faktisk.
Besetning
- Svein Olav Herstad – piano
- Aksel Øvreåas Røed- saksofon
- Sigurd Steinkopf – trommer
- Andreas Svabø – bass
Christmas Tree’o
Vossa Jazz er alltid på leit etter nye namn å lyfta fram, og Jolajazz vart eit ypparleg høve til å utfordra trommeslagar Halvor Anspach Thormodsæter (kjend frå La Vacanza, Hachicō og Cubakisen) til å setje saman ein jazztrio spesielt til jolajazz.! Christmas tree’o er tre unge jolestjerner frå Jazzmiljøet i Bergen. Det vert energisk og leiken swing i pianotrio-format. Dei speler musikken til mellom anna Ellen Fitzgerald, Oscar Peterson trio, Bill Evan’s trio og Miles Davis. Ta med deg nisselua og lausskjegget, men legg igjen vinterfrakken for dette vert brennheitt!
Besetning
- Samuel Wisur – piano
- Ask Viste – kontrabass
- Halvor Anspach Thormodsæter
Voss Kraftlag
I år vert det storbandmusikk på Jolajazz med Voss Kraftlag! Dei er eit vossaband som er heilt ulikt alle andre. Dei har eit firemannskomp, ei seksmanns blåserekkje, to vokalistar og fire koristar lånte frå Vossagospel. Det vert ei salig blanding av funk, jazz og rock med tett blås og store refreng. Bandet spelar eigne arrangement av låtar av Tower of Power, Chicago, The Beatles, Blood, Sweat & Tears og Stevie Wonder. Ta med deg ein ven, dansefoten og festhumøret, for dette er den ultimate festmusikken!
Besetning
- Edvard Høgestøl – vokal, kor
- Linn Jeanette Sandvik Måge – vokal, kor
- Einar Hauge – tangentar
- Trond Matre – bass
- Bjørn Sandnes – gitar, kor
- Jaran Nxumalo Lienig – trommer, kor
- Lars Arve Styve – trompet
- Trond Remme – trompet
- Gunnar Onarheim – barytonsaksofon, altsaksofon
- Einar Rune Haugnes – tenorsaksofon
- Knut Starheim – trombone
- Birger Lærum – trombone
- Sara Finne Kayser – kor
- Anette Timberlid Teigen – kor
- Jorunn Seim – kor
- Linda Byrkjeland Knapstad – kor
