Stor konsert for små tilhøyrarar Eplemøya songlag fortalde eventyret om Skrikarungen og den kule Pannekaka som legg ut på leit etter venen sin Reven. Det blei ei spanande reise. På vegen fekk dei hjelp av Pål sine detektivhøner Kjerringa som peikar med staven og Blåmann i Speglskogen. Skrikarungen og Pannekaka song seg gjennom hinder og farar.
Voss Barnekantori gjorde ein strålande jobb spesielt imponerte dei fire solistane. Hans Martin Austestad imponerte også stort som beat box.