Vossa Jazz søkjer festivalsjef og produsent!

Vossajazz-stillingsannonse

Vossa Jazz er ein av Noregs viktigaste jazzfestivalar og skipa til den 50. festivalen i 2023. Me planlegg for 50 år til med ein kvalitetsfestival som er møteplass for nyskaping og tradisjonar – på tvers av generasjonar.

Den musikalske profilen vår femner om jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Velkomen til Voss og Vossa Jazz – bygda og festivalen med kvalitet og glimt i auga!

Vossa Jazz vert gjennomført over 3 dagar i palmehelga kvart år og meir enn 200 frivillige er med å lage festival. Det er likevel oppgåver som må gjerast gjennom heile året, og festivalen er avhengig av ein stødig administrasjon. Den faste staben i Vossa Jazz er utgjer 1,9 årsverk. Festivalsjefen er dagleg leiar og kunstnarleg ansvarleg.

Vår daglege leiar sidan 2007, Trude Storheim, har sidan 1. august 2023 hatt permisjon for å vere kultursjef på Voss og har valt å ikkje fornya åremålet i Vossa Jazz.

Me søkjer no etter to personar, Festivalsjef (100%) og Produsent (90%), som begge:

  • brenn for å levera gode kunst- og kulturopplevingar
  • har gode samarbeidsevner
  • er sjølvstendig og systematisk
  • har gode kommunikasjonsevner (både munnleg og skriftleg).

Festivalsjef

Hovudoppgåva er å planleggje og gjennomføre den årlege festivalen. Det betyr og at hen har eit ansvar for at det vert gjennomført ei rekkje oppgåver gjennom året. Det er svært viktig med gode leiareigenskapar og -erfaring. Av oppgåvene nemner me:

Programmering i tråd med  den musikalske profilen med nyskaping og høgt kunstnarleg nivå. Til støtte i dette arbeidet er det etablert eit programråd der Festivalsjefen er kunstnarisk leiar.

Arbeid med finansiering av festivalen er ei viktig arbeidsoppgåve for festivalsjefen. Her inngår mellom anna søknadsarbeid og samarbeid med sponsorar (både større aktørar og lokalt næringsliv).

Dei frivillige medarbeidarane er den viktigaste ressursen Vossa Jazz har. I tillegg til dei som bidreg under festivalen, har Vossa Jazz 15-20 sentrale frivillige i eit festivalråd. Det er avgjerande at festivalens faste stab støtter og samarbeider godt med rådet.

Festivalsjefstillinga er ei 100% stilling på åremål på fire år pluss to år.

Produsent

Arbeidsoppgåver knytt til festivaldrift og administrasjon.
Instruks for stillinga vert forma i samråd med den nye festivalsjefen.

Produsentstillinga er ei fast stilling og kan bli opp til ei 90 % stilling

For begge stillingane gjeld

  • Løn etter avtale.
  • Vossa Jazz har gode pensjonsordningar.
  • Arbeidsstad er Voss.

Send søknad og CV til magne@kalstads.no og merk søknaden med kva for ein stilling du søkjer på, ev. om det er begge.

Søknadsfrist 12. mai 2024.

Har du spørsmål ta kontakt med styreleiar Hilde Magnusson på m. 41566450

eller nestleiar Magne Kalstad på m. 91691881

Del gjerne!