Vossa Jazz-plakaten 2009

vossajazzplakat

Vossa Jazz er glad for og stolt over at Mari Slaattelid har laga plakat til 2009-festivalen.

Mari fortel sjølv om arbeidet:
«Eit besøk på det lokale gitarsenteret i San José California tidlegare i år resulterte i ein serie fotografi av opne fløyelstrukne gitarkassar. Dei er instrument i seg sjølve flaskegrøne og mørkeraude tunge og djupe som sofaer eller endå nærare sanninga; gigantiske smykkeskrin. Utan det kostelege innhaldet er dei tomme kassane ein lovnad om noko bortanfor det daglegdagse om eit hol i veggen nemleg musikken.
Eg har eit minne om ein nybada 2-åring liggande i den ledige fløyelskassa medan gitaren er i bruk. Så lenge kassa er tom er den hennar og den er alt ho treng i heile verda. Frå djupet av fløyelen må ho ha høyrt gitaren.

Plakaten er ein negativ versjon av bildet der dei dunkle mørkegrøne inneromma er vrengde til sine lett hallusinerte motsatsar: grågrønt orangerosa lilla og raudt.»

www.marislaattelid.com

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.