Vossa Jazz er i gang!

Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

Vossasalen på Park Hotel var fullsatt med publikum fredag innan bunadskledde Jørn Styve markerte startskotet for den 52. Vossa Jazz med den tradisjonelle lur-hymnen klokka 18.00. 

Forfattar Olaug Nilssen opna festivalen med ei sterk tale om kunstens maktesløyse ovanfor den negative utviklinga i verda. Ein skal ikkje reise på festival og gløyme verkelegheita, men kanskje kan ein finne noko trøyst og meining utan å måtte byte kontrabass med kanon. Ho runda av med eit sitat frå Jan Erik Vold, lett omskrive og omdikta til nynorsk, – Det er håplaust, men me gjev oss ikkje. 

Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

Deretter ynskte festivalsjef Roger Urhaug velkomen, og retta ei spesiell takk til festivalråd og friviljuge som har guida den nye administrasjonen fram mot festivalen. – Eg er litt redd, innrømte Urhaug, og la til at han var både stolt og takksam over å sjå ein fullsatt sal.

Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

Den tredje og siste talaren var kulturminister Lubna Jaffery, pynta i den gylne festivalsylja som blei laga i høve 50-års jubileet for to år sidan. Ho trekte fram gleda med å få servert ny musikk, og oppfordra publikum til å utfordre seg sjølv i løpet av helga. 

– Det verste som kan skje er at du ikkje likar det, og det er ikkje farleg, smilte ho. 

Til slutt kom me til det festivalen fyrst og fremst handlar om, – musikk!

Foto: Anders Flatlandsmo / Vossa Jazz

Diverre kunne ikkje Maria Kannegaard stille til opningskonserten, men bandmedlemmane Ole Morten Vågan og Thomas Strønen stilte sterkt til start likevel saman med Nils Petter Molvær, Ståle Storløkken og Anja Lauvdal. Den raske mobiliseringa stod godt til ensemblet sitt namn, Inazuma, japansk for lyn eller lynnedslag. Sjølv om Kannegaard ikkje var fysisk til stades fekk publikum nyte fleire av låtane hennar i ny drakt, samt ei helsing formidla av kollega og ven Strønen.  

Inazuma leverte ein smakfull miks av svevande og akustisk,l impulsivt og elektronisk – frå fullt ensemble til vakre soloparti. Teknikarane var også jobb, og lyden av flygel, kontrabass, orgel, trompet og trommer blei berre betre og betre utover konserten. Ein perfekt time til å opne sansane og stille inn lyttinga før ei helg sprekkfull med konsertar. 

Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

Skrive av Symre Bang

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.