Voss Storband i storslag

adne-1-2

Allereie under lydprøven var Festsalen byrja fylle seg opp. Og før konserten var starta er lokalet allereie fylt til randa av forventningsfulle tilhøyrarar. Og Voss Storband innfrir så til dei grader. Publikum får dei gode kjende låtane som har fulgt storbandet gjennom deira mange konsertar på Vossajazz. Me får gjensyn med storleikane Kåre og Ivar Kolve Olav Dale og Kåre Bulko. Og det er tydeleg at Voss Storband veks saman med gjestene sine. Dei inviterar til ein tett og svingande konsert med flotte soloparti frå gjestene og eigne bandmedlemmer.

Me får høyra dei gode klassikarane som In a mellow tone Ain’t that a kick in the head og nydelege I’m lost without you i tillegg til eigenkomponert musikk av Kåre Kolve som Til Per og Me Snakkast. Dette er høgstund for jazzen på Voss dette er mimring og god stemning dette er Voss Storband på sitt mest storslagne!

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.