Voss si eiga jazzdronning

Grete Skarpeid, busatt på Voss, jobbar til dagleg som musikkterapaut. Men etter konserten i Osasalen å døme er det ingenting som står i vegen for å gjere musikkhobbyen til profesjonell karriere. Skarpeid har eit særeige talent for låtskriving i grenselandet mellom jazz og visesong, eit overtydande nærvær på scena og eit drivande dyktig band med internasjonalt tilsnitt i ryggen. Ikkje minst har ho ei sterk og kjenslevar stemme, som sender tankane i retning av sorleikar som Radka Toneff og Karin Krog. Det er ingen tvil: Voss har fått si eiga jazzdronning!