Det var ingen tvil om at det var dyktige musikarar ein hadde med å gjere då Steinkopf og Lauvås tok scena i dag. Artistane, som har spelt sidan dei var born, imponerte stort med eigenskrive musikk og eit blendande samspel.
Med varme klangar og teknisk briljans heldt dei prisvinnande musikarane ikkje tilbake på noko. Til stor applaus frå publikum leverte Steinkopf og Lauvås ein vakker, variert og levande konsert, og viste seg meir enn verdig til ein plass på Vossa Jazz sitt program!