Vanskeleg å stå i ro når golvet er ei trampoline

Jens Brun Vossa Jazz - Foto: Odin Drønen
Jens Brun Vossa Jazz - Foto: Odin Drønen

“E dekan klar?”, skrik Mads Berven frå scena. Borna nølar ikkje eit sekund før dei alle svarar med eit unisont “JA!” Jens Brun & De Hattmakers startar på det ikoniske riffet til “I Feel Good”, og det tek ikkje meir enn nokre sekund før alle, born som vaksne, dansar rundt på golvet i ein ellevill fest. Bandet lirar av seg hit på hit i norsk språkdrakt: Kjeksmaskin (Sex Machine), Suss (Kiss) og Rushtrafikken (Crosstown Traffic). Etter glansnummeret Gulvet Er Ei Trampoline (Get Up Offa That Thing) må ein konkludera med at det er borna som har dei freshaste move’sane!

Dette var godt mogeleg den mest underhaldande og gøyale konserten på årets festival!

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.