Tromme-virtous Manu Katché hadde med seg eit A-lag til Vossa Jazz i kveld; Tore Brunborg, Luca Aquino, Jim Watson og Ellen Andrea Wang. Det var også rom for at alle fekk visa seg fram frå sine beste sider. Saman skapte dei ei stemning som løfta Vossasalen.
Katché skulle etter planen avslutta det heile med ein vanvittig trommesolo, men med trampeklapp og full jubel frå publikum blei det også eit ekstranummer.
For ein start på kvelden på Park!