Solveig Slettahjell er etablert som ein av Noregs fremste og mest spanande jazzvokalistar. Med bandet Slow Motion Quintet etablerte ho frå starten i 2001 eit svært særprega uttrykk. Utgangspunktet var å utforske mogelegheitene i å framføra låtane sakte; jazzen sitt svar på ”slow food”-røyrsla.
Gjennom fire plateutgjevingar og ei rekkje konsertar har ho og bandet tatt Noreg og ei rekkje land utanfor Noregs grenser med storm. Solveig og bandet har utvikla seg men heile tida behalde særpreget sitt. I starten var det jazzstandards og andre sine låtar som vart gjeve slow motion-handtering. Etter kvart har bandmedlemene og Solveig Slettahjell levert meir og meir av det musikalske materialet. Det toppa seg førebels med Solveig si utgjeving av soloplata ”Domestic Songs” i 2007.
– Me ynskjer å høyra meir av komponisten Solveig Slettahjell og er glade for at ho har tatt utfordringa med å skriva tingingsverket til 2009-festivalen. Dette er kanskje den viktigaste konserten me set opp og er ei satsing me har stor tru på seier Vossa Jazz-general Trude Storheim. Verket vert framført laurdag 4. april av Slettahjell og hennar Slow Motion Quintet – forsterka med to musikarar som begge har vore innom kvintetten dei siste åra.
Urframføring av tingingsverket i Vossasalen på Park Hotel laurdag 4. april 2009.
Solveig Slettahjell – vokal
Sjur Miljeteig – trompet
Morten Qvenild – tangentar
Andreas Ulvo – tangentar
Even Hermansen – gitar
Jo Berger Myhre – bass
Per Oddvar Johansen – trommer
Asle Karstad – lyd
Ola Bråten – lys
Tingingsverket er eit samarbeid mellom Vossa Jazz og Rikskonsertane.
Bandet legg ut på ein landsomfattande tuné i regi av Rikskonsertane hausten 2009.
For meir informasjon ta gjerne kontakt med
Solveig Slettahjell tlf. 900 81 209
Trude Storheim Vossa Jazz tlf. 920 69 648
Guro Kleveland Rikskonsertane tlf.: 22 02 59 26 / 99 59 01 30