Tingingsverk Badnajazz – Building Instrument

Foto: Klara Sofie Ludvigsen

Badnajazz er festivalen for, av og med born. Sidan 2000 har det vore skipa til konsertar, parade, verkstader og utstilling. Badnajazz har sitt eige Tingingverk der profesjonelle musikarar samarbeider med born frå Voss og omegn.

Tingingsverk med Building Instrument

Badnajazz i Ungdomshallen – Laurdag 12. april klokken 12:00!

Mari Kvien Brunvoll – vokal, diverse
Åsmund Weltzien – tangentar
Øyvind Hegg-Lunde – slagverk, perkusjon

Ikkje berre er Building Instrument tilbake med første plate sidan 2018, men også med tingingsverket til Badnajazz! Building Instrument er ein Bergensbasert trio som blandar akustiske og elektroniske uttrykk i fargerike komposisjonar. Den musikalske reisa går frå suggererande  rytmar, via frie improviserte parti, til kjenslelada melodiar med eit filmmusikkaktig preg . Tekstane vekslar mellom moldenserdialekt og fantasispråk, skrive av vokalist Mari Kvien Brunvoll, og musikken lagar dei saman. Som band dannar dei eit unikt uttrykk – i låtane så vel som visuelt på scena –  som høyres berre ut som nettopp Building Instrument.

Vil du vere med?

Vil du vere med å blande klangidear og lydfargar, leike med ulik stemmen og med objekter som lagar lyd i lag med musikarane i bandet Building Instrument? 

«Hei! Vi er bandet Building Instrument! Og vi vil ha med oss ei gruppe med barn til å leike og skape lydar og musikk til ein konsert på Voss i lag!

Du kan kome som du er, du skal ikkje ha med ditt eige instrument, men det er fint om du er interessert i å eksperimentere med lyd og gjerne like å synge. Men dette er ikkje eit must!

Vi jobbar med improvisasjon og lagar lydar og musikk på kanskje litt uventa måter, kanskje med hendene våre? Eller med ting vi finner heime som lagar fine lyder!»

Mål: Konsert kl. 12:00 i Ungdomshallen laurdag 12. april.

Konserten vil vere ein blanding av musikk som Building Instrument har laga og barna har skapt i lag med bandet. Konserten er eit samarbeid med Voss Kulturskule.

Del gjerne!