KARIN KROG OG JOHN SURMAN «SONGS ABOUT THIS & THAT»
Vossa Jazz har gleda av å kunne presentera duoen Karin Krog og John Surman som tingingsverkkomponistar til 2010-festivalen. ” Det er med stor glede og respekt Vossa Jazz kan presentera desse to internasjonalt omtykte namna som komponistar til Tingingsverket neste år” seier Trude Storheim dagleg leiar i Vossa Jazz.
Karin Krog er utvilsamt norsk jazz si førstedame. Allereie i 1955 vakte ho fortent oppsikt under jamsessions i Oslo og opptredde på den aller første jazzfestivalen i Molde i 1961. Sidan den gong har ho samarbeidd med namn som Dexter Gordon Steve Kuhn Niels-Henning Ørsted Pedersen Jan Garbarek og Bengt Hallberg.
John Surman er engelskmann men bur i Noreg og blir i USA omtalt som «sannsynligvis den beste barytonsaksofonist innan jazzen sidan Gerry Mulligan». (All about Jazz 5. september 2009).
Krog og Surman er begge rekna som «ekte» jazzmusikarar men er influert av folkemusikk frå Noreg og dei britiske øyane samt ei felles interesse for elektronika. Dei samarbeidde fyrste gong i 1970 då dei var saman i eit band med europeiske vinnarar av ei Down Beat-avstemming noko som resulterte i plateinnspeling i Berlin og turné i Japan.
Tretti år etter deira fyrste musikalske møte vert det stilt store forventningar til den røynde duoen og tingingsverket. «Vi er veldig glade for å ha fått dette ærefulle oppdrag til festivalen på Voss og går til oppdraget med spenning og glede» seier Karin Krog. Publikum går til Vossasalen laurdag 27. mars med ditto spenning og glede!
Medverkande:
John Surman – saksofon keyboards
Karin Krog – vokal
Bjørn Klakegg – gitar
Magne Thormodsæther – bass
Stein Inge Brækhus – perkusjon
Ivar Kolve – vibrafon
Paul Herwin (UK) – lyd / elektronika
For meir info:
Karin Krog: 67 12 55 09
Trude Storheim: 957 61 257