Den som ventar, ventar sjeldan forgjeves! Ei røykmaskin i godt samspel med brannvesenet skapte utsettingar i Gamlekinoen. Likefullt, når konserten fyrst var sett i gang var det ein eklektisk, spirituell og verdig hyllest til den store Alice Coltrane.
Hamid Drake si trancendentale traktering av ymse perkusjonsinstrument og Noho Ange si mystiske jazzballett-aktige dansing sett stemninga til å vera ein unik og spirituell atmosfære. Då Jan Bang live-sampla trompetspelet til Sheila Marice Grey fekk dei frammøte høyra hennar fløyelsmjuke røyst i samspel med Drake si eiga maning, Jamie Saft sitt nydelege tangentspel og Joshua Abrams framifrå kontrabasspel.
Den særeigne og mytiske musikalske utforskinga av Turiya og ulike klangverder var litt av ei oppleving!