Superjazz 27. mars!

Gled dykk! Laurdag 27. mars vert det verkstad for Superjazzarane etterfølgt av konsert med Agbalagba Daada!

Sjølv om me har måtte avlysa Vossa Jazz i mars vert det likevel Superjazz: Det kan ikkje verta anna enn supert når Terje Isungset og Per Jørgensen skal kasta seg ut i leik, improvisasjon og spontane innfall.

Saman med «Supergruppo» og andre menneske med nedsette funksjonsevner skal dei omfamna musikkens verd, heilt utan sikkerheitsnett!

Agbalagba Daada si innstilling er at alle menneske er ein ressurs – også musikalsk. Alle menneske har noko som ingen andre har.

Få med deg ein impulsiv, varm og ellevill konsert!

Per Jørgensen – trompet, vokal
Terje Isungset – perkusjon, munnharpe m.m.
Supergruppo

Konsert på Park Hotel Vossevangen laurdag 27. mars kl. 13.00

Kjøp billettar hjå TicketCo. OBS! Det vert ikkje billettsal i døra!

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.