Eit rosaglitrande lokale fullsett med rosakledde superjazzarar bobla over av musikalske krumspel, improviserte trommesoloar og danseshow av ei anna verd. I eine augneblinken sambarytmar, i den neste jungelmystikk med elefanttrompetbrøl. Ein svipp innom Pippi og Emil her, og ein funky diskolåt der.
Prinsessekledde solistar, dansande trommisar og superfolk av alle slag gjorde dette til ei hending heilt utanom det vanlege. The Brazz Brothers leia veg for nydeleg improvisasjon, leik og musikkglede saman med Supergruppo.
Når ein veit om all førebuing, spente sjeler som har gledd seg og har dyktige Brazzjazzete dirigentar som tek oppgåva på leikande alvor så vert det ekstra gjevande. Suprare bursdagsselskap for Vossa Jazz skal du leita lenge etter!