Sterk oppleving!

Foto: Lars Lid Trana

Årets Ekstremjazz fann stad under Ekstremsportveko for å feira at dei fyller 20 år i år. Vossa Jazz har skipa til Ekstremjazz sidan 2007 og det har vore mange store opplevingar, men årets framsyning må seiast å vera noko utanom det vanlege!

Det var Vossa Jazz sin faste Ekstremjazz-komponist Jon Balke med lengendariske Jøkleba og den flotte folkemusikkvokalisten Åshild Vetrhus som stod for det musikalske. Det vart eit kraftfullt møte mellom jazz og folkemusikk! Det vart ei både eksplosiv og meditativ oppleving med dansaren Sudesh Adhana som var overalt: i fossen, oppi treet og rappellerande ned fjellveggen. Omkransa av ekstreme basehopp, dansande paraglidarar og fallskjermfykarar, smelta det heile saman i ei ekstremt vakker oppleving.

Det er ei av dei opplevingane folk vil snakka om i etterkant. Eg var ikkje der då Oddvar Brå brakk staven, men eg såg pilotane dansa til tonane frå Jon Balke og hans magiske mannskap. Det var bokstavleg tala eit høgdepunkt. Trude Storheim, Vossa Jazz-sjef.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.