Stemningsfullt møte med livleg studentgjeng

dsc_0264

Musikkfredagen vart innleidd av ein ettermiddagskonsert med studentane frå Jazzlinja i Trondheim. Dei unge musikarane viste fram sine finaste kunstar i ein fullsett festsal på Park der det vart diska opp med eit breitt repertoar med både glade og melankolske tonar. Presentert av ei rekkje ulike ensemble med lovande artistar overgjekk desse kvarandre gong på gong i imponerande vidd og formidlingskraft. Gjennom nærast berre sjølvkomponerte låtar fekk ein stifta kjennskap med eit fantasifullt og leikande studentkull som skapte ei engasjerande stemningsstund for både ungdomsskuleelevar og ein noko eldre garde i den mangslungne publikumsmassen.

 

 

 

 

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.