Lightning Trio var på turné i 2024, og no var turen kome til Vossajazz.
Dei byrja med eit veldig stille parti, før dei deretter satte stemninga i salen.
Dette var musikarar på piano, kontrabass og trommer som var veldig trygge på kvarandre og i bra samspel. Lightning Trio stakk nemleg av med prestisjetunge tittelen Årets Unge Jazztalent i 2024.
«2025 skal bli mitt år» kan ein seie til seg sjølv litt tvilsamt på denne tida, men for Lightning Trio er dette faktisk heilt reelt. Fjorårets vinnarar av Jazzintro, bassist Kertu Aer (27), trommeslagar Steinar Heide Bø (24) og pianist Sondre Moshagen (23) kan sjå fram til eit år fylt med speling i inn- og utland, samt lansering av debutplate på det prestisjefylte selskapet Jazzland.
Skrive av Symre Bang