SONDRE MOSHAGEN LIGHTNING TRIO
Årets unge jazzmusikarar!
Sondre Moshagen – piano
Kertu Aer – bass
Steinar Heide Bø – trommer
Gnistrande energisk samspel med referansar frå klassisk impresjonisme, pop og friare jazzmusikk. Sondre Moshagen Lightning Trio møttes ved jazzlinja i Trondheim høsten 2022. Etter fjorårets utgåve av lanseringsprogrammet Jazzintro vart trioen kåra til Årets unge jazzmusikere 2024, og vil som ein del av lanseringa være å sjå på ei rekkje festivalar.
Frå juryen:
«Komposisjonene er av høy klasse, med mye rytmisk autoritet som skaper store musikalske rom. De melodiske og harmoniske ideene gir de en egenartet identitet som skaper vakre øyeblikk. Tryggheten og tilstedeværelsen i bandet smitter over på publikum og gjør deg nysgjerrig på å høre meir.»
Jazzintro er Noregs største og einaste nasjonale lanseringsprogram for unge jazzmusikarar. Gjennom programmet kårast Årets Unge Jazzmusikere, som får ein festivalturne følgjande år, i tillegg til eit skreddarsydd mentorprogram. Jazzintro blir arrangert av Norsk Jazzforum i samarbeid med fleire av landets største jazzklubbar og -festivalar. Jazzintro blir arrangert med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB og Talent Norge.
Du kan sjå dei i Gamlekinoen laurdag 12. april.